Toppkvark , òg kallat-kvark (symbol: t), er einelementærpartikkel og ein grunnleggande byggestein formaterie . Som allekvarkar er toppkvarken eitfermion medspinn -1 ⁄ 2 , og opplever alle firefundamentalkrefter :gravitasjon ,elektromagnetisme ,svak vekselverknad ogsterk vekselverknad . Han har eielektrisk ladning på +2 ⁄ 3 e ,[ 2] og er den mest massive av alle observerte elementærpartiklar. Det har einmasse på172.9± 1.5 GeV/c ² ,[ 1] som er kring same massen som eitatom avwolfram .Antipartikkelen til toppkvarken ertopp-antikvark (symbol:t , stundom kallaantitoppkvark eller berreantitopp ).
Toppkvarken vekselverkar hovudsakleg viasterk vekselverknad , men kan berre nedbrytast gjennomsvak vekselverknad . Han bryt nesten alltid ned til eitW-boson og einbotnkvark , men kan òg brytast ned til einsærkvark og i sjeldne tilfelle til einnedkvark .Standardmodellen føreseier atmiddellevetida er kring5× 10−25 s .[ 3] Dette er kring 20 gonger kortare enn tidsskalaen for sterk vekselverknad, og dei kan derfor ikkje dannahadron , slik at fysikarane kan studere ein «berr» kvark. Alle andre kvarkar finst berre i hadron.
Partikkelen (og nedkvarken) vart postulert i 1973 avMakoto Kobayashi ogToshihide Maskawa for å forklare eit observertCP-brot ikaon -nedbryting ,[ 4] og vart oppdaga i 1995 avCDF [ 5] ogDØ [ 6] -eksperimenta vedFermilab . Kobayashi og Maskawa vannNobelprisen i fysikk i 2008 for å ha føresett desse kvarkane, som i lag dannar tredjegenerasjons kvarkar.[ 7]
↑1,0 1,1 K. Nakamuraet al. (Particle Data Group ) (2011).«PDGLive Particle Summary 'Quarks (u, d, s, c, b, t, b', t', Free)' » (PDF) . Particle Data Group. Henta 27. mai 2013 . ↑ S. Willenbrock (2003). «The Standard Model and the Top Quark». I H.B Prosper and B. Danilov (eds.).Techniques and Concepts of High-Energy Physics XII . NATO Science Series123 .Kluwer Academic . s. 1–41.ISBN 1-4020-1590-9 .arXiv :hep-ph/0211067v3 . ↑ A. Quadt (2006). «Top quark physics at hadron colliders».European Physical Journal C 48 (3): 835–1000.Bibcode :2006EPJC...48..835Q .doi :10.1140/epjc/s2006-02631-6 . ↑ M. Kobayashi, T. Maskawa (1973). «CP -Violation in the Renormalizable Theory of Weak Interaction».Progress of Theoretical Physics 49 (2): 652.Bibcode :1973PThPh..49..652K .doi :10.1143/PTP.49.652 . ↑ F. Abeet al . (CDF Collaboration ) (1995). «Observation of Top Quark Production in Feil: Manglar symbolp Collisions with the Collider Detector at Fermilab».Physical Review Letters 74 (14): 2626–2631.Bibcode :1995PhRvL..74.2626A .PMID 10057978 .doi :10.1103/PhysRevLett.74.2626 . ↑ S. Abachiet al . (DØ Collaboration ) (1995). «Search for High Mass Top Quark Production inp Feil: Manglar symbol Collisions atMal:Radical = 1.8 TeV».Physical Review Letters 74 (13): 2422–2426.Bibcode :1995PhRvL..74.2422A .doi :10.1103/PhysRevLett.74.2422 . ↑ «2008 Nobel Prize in Physics» .The Nobel Foundation . 2008. Henta 11. september 2009 .