Tone Float Studioalbum avOrganisation | ||
Utgjeve | 1969 | |
Innspelt | Tyskland | |
Sjanger | Krautrock | |
Lengd | 41:19 | |
Selskap | RCA Victor | |
Produsent | Conny Plank &Organisation | |
Kraftwerk-kronologi | ||
---|---|---|
Tone Float | Kraftwerk (1970) |
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Tone Float er eit album av dettyske bandetOrganisation. Organisation var ei tidleg utgåve avKraftwerk, og gav berre ut dette albumet. Etter albumet kom ut starta medlemmar frå bandetKraftwerk.
Albumet kom berre ut i Storbritannia og selde nokre få eksemplar i august 1969, og vert best hugsa fordi to av bandmedlemmane,Ralf Hütter ogFlorian Schneider-Esleben, seinare starta gruppaKraftwerk. Det var produsert avKonrad «Conny» Plank.
Salet var dårleg og RCA valde å droppe bandet, som då vart oppløyst.
Albumet har aldri vorte offisielt gjeve ut på nytt, men det finst på piratkopierte CDar og LPar frå 1990-åra. Desse inneheld ofte bonusspor, feilaktig kalla «Vor dem blauen Bock», som i røynda er ein instrumental kalla «Rückstoss Gondoliere», frå ein konsert den 22. mai 1971 av Kraftwerk på TV-showetBeat-Club. Denne songen vart framført av den kortvarige varianten av Kraftwerk med Florian Schneider,Michael Rother ogKlaus Dinger (Ralf Hütter hadde slutta i bandet i denne perioden for å studere arkitektur). Rother og Dinger starta sidanNeu!.
Alle spor skrivne av Schneider-Esleben, Hauf og Mönicks
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Tone Float» | 20:46 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
2. | «Milk Rock» | 5:24 |
3. | «Silver Forest» | 3:19 |
4. | «Rhythm Salad» | 4:04 |
5. | «Noitasinagro» | 7:46 |