Tonalitet er eit system av tilhøve mellomtonar i eittonesystem der éin bestemt tone er framheva som grunntone eller sentraltone (tonalt sentrum) som dei øvrige tonane står i eit nærare eller fjernare forhold til.Musikk som erkomponert etter slike relasjonar mellom tonar vert rekna somtonal.
Sidan 1600-talet har tonalitet i vestleg musikk normalt voredur/moll-tonal musikk. Tonalt sentrum er hertreklangen på første trinnet i den skalaenkomponisten har vald for komposisjonen sin. Denne treklangen vert kallatonika. For ein komposisjon i E-dur er det til dømes E-dur-treklangen som er tonika. Alle andreakkordar i komposisjonen vert bygt hierarkisk rundt tonikaen. Dette tyder at kvar akkord har ei bestemt rolle - einfunksjon - i forhold til tonikaen, og ei bestemt rolle i forhold til dei akkordane som går føre eller følgjer etter han. Det vert skild mellom hovudfunksjonar (tonika,subdominant ogdominant) og bifunksjonar (mediant ogsubmediant).[1] I andre land nyttar ein delvis andre omgrep til bifunksjonane.
Frå 1800-talet blei verkemiddel somkromatikk og kjappe og fjernemodulasjonar med på å utvida tonaliteten uten at musikken bleiatonal.Franz Liszt ogRichard Wagner var nokre av dei førstekomponistane som rokka ved tonaliteten gjennom bruk avkromatikk, uoppløystedissonerandeakkordar og modulasjonar til fjerntliggjandetoneartar.Claude Debussy bidrog til å utfordra grensene for tonaliteten gjennom symmetriskesamklangar og leietonelausekadensar.
På 1900-talet blei tonalitetomgrepet ofte knytt til personlege komposisjonsteknikkar utvikla av til dømesArnold Schönberg,Igor Stravinskij ogDarius Milhaud.Paul Hindemith «beviste» den naturgjevne styrken til tonaliteten gjennom skrift og musikk i eit hierarkisk, akustisk system.Olivier Messiaen fornya dei ulike tonalitet-verkemidla gjennom såkalla modi med avgrenspa transposisjonsmuligheiter der nymodaliteten sameinte verkemidla til tonalitet ogmodalitet.
- Bekkevold, Lisa:Harmonilære og harmonisk analyse. Oslo 1988
- Benward, Bruce; Marilyn Nadine Saker:Music in Theory og Practice.1 (7th ed.), New York 2002
- Distler, Hugo:Funktionelle Harmonielehre. Kassel 1951
- Hindemith, Paul:The Craft of Musical Composition. London og New York 1941-42
- Rameau, Jean-Philippe:Traité dei l’harmonie reduite à ses principes naturels, Paris 1722PDF-fil
- Reger, Max:Beiträge zurModulationslehre. Leipzig 1903
- Riemann, Hugo:Vereinfachte Harmonielehre, London und New York 1893
- Schönberg, Arnold:Harmonielehre, Wien 1922
- Tsjaikovskij, Pjotr I.:Guide to the Practical Study of Harmony. Leipzig 1900PDF-fil
- ↑Tveit, Sigvald (2008):Harmonilære fra en ny innfallsvinkel. Oslo: Universitetsforlaget