To linjalar, lengst til venstre med britiske tommar markert, til høgre centimeter.
Tomme (avnorrøntþumal) er eit gammalt lengdemål basert på breidda avtommelen ved naglerota, om lag 2,5cm. Målet er i lita grad i bruk i Noreg i dag, men er derimot utbreidd i område som brukerImperial units, som Storbritannia og USA, under namnetinch. Ein oppgjev tal målt i tommar med eithermeteikn, slik at 10 tommar blir skrive 10".
Ein norsk tomme vart i 1836 fastsett til å vere 2,614 cm, gjennom at einfot som var 12 tommar vart fastsett til 31,37 cm. Ein nordamerikansk eller britisk tomme er 2,54 cm. Det er det målet ein får på ein moderne tommestokk, også ein som er produsert i Noreg.
AGrøn bakgrunnsfarge viser eksakte verdiar.BSkrive: 5I 11II 7III 10IV uttalt: fem fot, elleve tommar, sju linjer og ti skruplar = 181,998 cm (int. tomme) CMagnus Lagabøteslandslov definerte eiCkort alen og eiDlang alen. Avsette ein den kortasteCtommelalna (=18II) på ei stikke, trengte stikka eit handtak, som naturleg vart einhandsbreidd (= 3II). Den lengsteDstikka vart då 21II.ESjællandsk alen vart tatt i bruk.FSystemet tilOle Rømer innført ved lov.GI samband med lausrivinga frå Danmark held ein påOle Rømer-systemet, men måleiningane vart reviderte i lov av 28. juli 1824.HNoreg innførteSI-systemet.Loven innførte omrekningsreglar til det gamle systemet.JInternasjonal tomme definert etterSI-systemet. I Noreg vart einingane alen, kvart, tomme og famn brukt. Fot, linje og skruppel vart nesten ikkje brukt.