Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Tomas Brolin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tomas Brolin
Personleg informasjon
Fullt namnPer Tomas Brolin
Fødselsdato29. november1969 (55 år)
FødestadHudiksvall iSverige
Høgd178 cm
PosisjonSpiss, midtbane
Seniorkarriere*
ÅrLagKampar(Mål)
1984-1986Näsvikens IK 36(10)
1987-1989Sundsvall55(13)
1990Norrköping9(7)
1990-1995Parma133(20)
1995-1997Leeds20(4)
1996Zürich (lån)3(0)
1997Parma (lån)11(0)
1998Crystal Palace13(0)
1998Hudiksvall ABK (1)
Totalt280(58)
Landslag
1990-1995Sverige47(27)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Per Tomas Brolin (fødd 29. november 1969) er ein svensk tidlegare fotballspelar fråHudiksvall som var sentral dåSverige vann bronsen underVM i fotball 1994, året etter ha vanncupvinnarcupen medParma FC. Brolin vert rekna som Sveriges beste fotballspelar den fyrste halvdelen av 1990-åra, kåra til årets spelar 1990 og 1994.

Klubbspel

[endre |endre wikiteksten]

Brolin spelte 1985-87 på fjerdedivisjonslaget Näsvikens SK. Etter tre sesongar hos GIFSundsvall, spelte han våren 1990 på Norrköping. Allereie i september 1990 vart han overført til italienske Parma FC, der han i fem sesongar bidrog mykje til lagets suksess. Klubben vann den nasjonale cupen i 1992 og cupvinnarcupen 1993, men tapte finalen icupvinnarcupen 1994. I november 1995 vart han overført tilLeeds United. Heller svake prestasjonar gjorde at han vart sett ut av fyrstelaget og han prøvde seg så i FCZürich og på ny i Parma FC, utan å imponere. Vårsesongen 1998 var Brolin aktiv iLondon-klubben Crystal Palace. Han la opp sommaren 1998, etter tre år i svak form.

Landslagsspel

[endre |endre wikiteksten]

Brolin debuterte på det svenske landslaget i april 1990 og skåra to av måla dåWales vart slått 4-2. Han skåra eitt mål underVM i fotball 1990, der Sverige rauk ut i gruppespelet. To år seinare vart Brolin matchvinnar både motDanmark ogEnglandEM i fotball 1992 fann stad på svensk heimebane. Han skåra også då Sverige tapte semifinalen motVest-Tyskland med 2-3. Under VM i fotball 1994 iUSA markerte han seg som den drivande krafta bak Sverige suksess som vart fullført med 4-0 overBulgaria i bronsefinalen. Etter eit beinbrot i ein landskamp motUngarn i november 1994, fekk Brolin fem kampar i landslagsdrakta utover sommaren-hausten 1995 før han vart vraka. Han spelte i alt 47 landskampar og skåra 27 mål.

Merittar

[endre |endre wikiteksten]
  • VM-bronse: 1994 for Sverige
  • Vinnar av cupvinnarcupen: 1993 med Parma FC
  • Italiensk cupmeister: 1992 med Parma FC
  • Finalist i den engelske ligacupen: 1996 med Leeds United

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
Flagget til Sverige
Flagget til Sverige
Flagget til Sverige
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Tomas_Brolin&oldid=3557906»
Kategoriar:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp