Tom Bukovac | |||
![]() | |||
Fødd | 20. desember1968 (56 år) | ||
---|---|---|---|
Opphav | USA | ||
Instrument | gitar | ||
Verka som | gitarist |
Tom Bukovac (fødd 20. desember 1968) er ein USA-amerikanskstudiomusikar og produsent. Han vart fødd iCleveland i Ohio og voks opp i forstadenWillowick.[1]
Bukovac byrja å spele gitar seriøst då han var ti år gammal. Han var blitt eksponert for musikk gjennom ein bar mora dreiv og frå den eldre broren sin, Doug, som lærte han nokre enkle gitargrep. Systera Joyce introduserte han for musikkk somThe Beatles. Som trettenåring spelte han med fleire lokale band.[1]
Han flytta tilNashville i 1992, der han byrja å spele forTanya Tucker,Lionel Cartwright og andre. Han turnerte òg medWynonna Judd, men i 1999 valde Bukovac å slutte turnélivet og spele som studiomusikar. Han er nominert ei rekkje gonger til prisar hosCountry Music Association ogAcademy of Country Music. Han vann mellom anna ACM sin pris som årets gitarist i 2008 og 2010.