Tomás Luis de Victoria var Francisco Luis de Victoria og Francisca Suárez de la Concha sitt sjuande barn av i alt elleve. Faren døydde tidleg og Tomás vart teke hand om av onkelen Juan Luis som varsokneprest i nærleiken avÁvila. Onkelen sørgde for ein solid skulegang med songundervisning i katedralen i Avila og påjesuittgymnaset i byen. Tomás fekk stipend avFilip II av Spania og reiste rundt 1565 tilRoma for å studere ved jesuittane sittpresteseminarCollegium Germanicum. I 1571 etterfølgde hanPalestrina som leiar (moderator musicae) ved Collegium Germanicum-orkesteret. Rundt 1585 publiserte Victoria ei samling musikalske verk med mellom annaOfficium Sanctae Hebdomadae. Same år reiste han attende til Spania der han vartkapellan for dronningMaria av Spania (1528–1603), som no var enke. Samtidig leia han orkesteret til det keisarlege klosterDe las Descalzas de Santa Clara (barfotnonne-klosteret). Victoria vart ved klosteret til han døydde og hadde ulike roller, som prest, komponist, kordirigent og organist. Etter eige ønske skreiv han berre nokre få verk ved klosteret, det mest kjente erOfficium defunctorum.