Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Tiksi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tiksi
tettstad
Land Russland
RegionSakha
DistriktBulunskij
Folketal 4 557  (2015)
Kart
Tiksi
71°38′13″N128°52′05″E / 71.636836111111°N 128.86793333333°E /71.636836111111; 128.86793333333
Wikimedia Commons: Tiksi

Tiksi (russisk skrift Тикси,jakutisk Тиксии/Tiksii) er ein kommune og eibymessig busetjing i republikkenSakha iRussland med hamn og stor flyplass. Hamna ligg tilLaptevhavet nær ei av elveosane iLenadeltaet. Innbyggjartalet var 4 557 (2015).[1]

Historie

[endre |endre wikiteksten]

I august 1901 leitte den russiske polarskipet «Zarya» i Laptevhavet etter det legendariskeSannikov Land (Zemlja Sannikova), men vart snart blokkert avdrivisen omkringNysibirøyane. Polarforskaren baron Eduard Toll forlét skipet saman med tre andre og forsvann. Skipet enda opp på øyaBrusneva i Tiksibukta, og vart liggjande der.

Flylpassen i Tiksi.

Byen vart grunnlagd i 1933 med hamn som ein viktig stoppestad på dennordlege sjøruta, den russiske maritime transportlinja i Arktis halden open avisbrytarar. Ho hadde samband til ei handelsrute langs elva sørover til resten av Sakha og så langt sør somUst-Kut ved Irkutsk. Sidan 1939 har staden hatt status som bymessig busetjing.

Flyplassen vart bygd 1 km lenger mot nord på 1950-talet med ein rullebane på 3000 m. Samstundes vart det laga to andre flystriper av same storleik lenger frå byen. Desse er seinare nedlagde. Plassane var framskotne basar for bombefly som skulle nå USA.

Ved samanbrotet avSovjetunionen i 1989 og den økonomiske nedgangen som følgde, forsvann det meste av transportverksemda, og ein stor del av folka flytta.

Flyplassen er enno ein viktig base for det russiske luftforsvaret. På plassen er det mest stasjonert Tupolev Tu 95-MS-bombefly. Persontransport går med Antonov An-24.I 2018 laNordflåten fram planar om å bygge ein lite base i området med 11 bygningar som vil vere samanbundne med passasjer med tak over.[2]

Folkesetnadsutvikling

[endre |endre wikiteksten]
ÅrInnbyggjarmengd
198911 649
20025 873
20105 063[3]

Tala er frå folketeljingar.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. ЧИСЛЕННОСТЬ ПОСТОЯННОГО НАСЕЛЕНИЯ РОССИЙСКОЙ ФЕДЕРАЦИИ ПО МУНИЦИПАЛЬНЫМ ОБРАЗОВАНИЯМ на 1 января 2015 года (komprimert fil, .rar)Arkivert 2021-11-05 vedWayback Machine. Innbyggjartal i russiske administrative einingar 1. januar 2015. Henta 25. august 2015.
  2. Atle Staalesen (3. september 2018).«Russia builds another military base in East Arctic». 
  3. Том 1. Численность и размещение населенияArkivert 2013-03-15 vedWayback Machine., gks.ru
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Tiksi&oldid=3428584»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp