Thyateira ellerThyatira er det antikke namnet på den tyrkiske byenAkhisar. Han ligg langt vest i Tyrkia, sør for Istanbul, kring 80 km frå Middelhavet.
Byen heitte først Pelopia (greskΠελοπία), men vart kalla Thyateira (Θυάτειρα) av kongSelevkos I Nikator i 290 fvt. Han var i krig medLysimakhos då han fekk vite at kona hadde fødd han ei dotter. I følgje Stefanos av Byzantium kalla han byen «thuateira» frå gresk «θυγατήρ» (thugater), som tyder «dotter», men det er meir truleg at det er eit eldre lydisk namn.[1][2] I antikken låg Thyatira på grensa mellomLydia ogMysia. Han var kjend for farging og var eit senter forindigohandel.[3] Ein har mellom anna funne inskripsjonar i ruinane av den antikke byen som syner til farging.
I tidleg kristendom var det ei viktig kristen kyrkje i Thyateira, nemnd som ei avDei sju openberringskyrkjene iJohannes’ openberring.[4] I følgje Openberringa skal ei kvinne kalla Jesabel ha kalla seg sjølv profeti Tyatira, «men som med læra si lokkar tenarane mine til å driva hor og eta avgudsoffer».
38°55′15″N27°50′30″E / 38.9208333333°N 27.8416666667°E /38.9208333333; 27.8416666667