Kantonen grensar i nord mot den tyske delstatenBaden-Württemberg og kantonen Schaffhausen. Høgste punktet i kantonen er 991 meter over havet og ligg i kommunenFischingen, lengst sør i Thurgau. Kantonen har namn etter elvaThur som kryssar området frå søraust til nordvest, og som renn vidare ut iRhinen i kantonen Zürich. 61,0 % av flatevidda erlandbruksareal.
Tysk er dominerande talemål i Thurgau, den lokale dialekten høyrer tilhøgalemannisk. 45,1% av innbyggarane er knytt tilprotestantiske kyrkjesamfunn, medan 35,6 soknar til denromersk-katolske kyrkja.
Thurgau er frå 2011 delt opp i fem distrikt (bezirke), som er delt opp i til saman 80 kommunar.Dei fem distrikta erArbon,Frauenfeld,Kreuzlingen,Münchwilen ogWeinfelden. Til 2010 var Thurgau delt i åtte distrikt.
Thurgau vart eigen kanton i 1798. Han gjekk då med i den kortlivarepublikken Helvetia. Sidan 1803 har Thurgau vore med i Det sveitsiske eidssambandet, på lik linje med dei fleste andre kantonane.
Utsyn over Thundorf, nær Frauenfeld, med fjellkjeda Alpstein mot horisonten.