| Thomas Cook | |
| Statsborgarskap | Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland |
| Fødd | 22. november1808 Derbyshire |
| Død | |
| Yrke | gründer |
| Språk | engelsk |
| Religion | Baptisme |
| Nettstad | http://www.thomascook.com/ |
| Thomas Cook på Commons | |
Thomas Cook (22. november1808–18. juli1892) var ein engelsk forretningsmann og grunnleggjaren av det førstereisebyrået i verda.
Cook var frå Melbourne iDerbyshire iEngland. Han vart med i avhaldsrørsla som ung, og i samband med dette organiserte han rimelege «selskapsreiser» for medlemmane. Den første var ei togreise 5. juli 1841 fråLeicester tilLoughborough, der 500 britiske avhaldsfolk var med. Han grunnla deretter reisebyråetThomas Cook and Son. I 1872 organiserte han den første selskapsreisa jorda rundt, som varte i 222 dagar, og tidleg på 1870-talet lanserte han òg dei førstereisesjekkane og internasjonale rundreisebilletter.
Særleg Cooks reiser tilAusten var populære, og inkluderte alt frå tolk og transportmiddel tiltelt. Reisebyrået arrangerte til og med pilegrimreiser tilMekka.
Cook-familien var eigarar av reisebyrået fram til 1928.