«Think About Things» Song avDaði ogGagnamagnið | ||
Land | Island | |
Språk | Engelsk | |
Utgjeve | 10. januar2020 | |
Innspelt | 2019 | |
Sjanger | EDM, synth rock, elektropop | |
Lengd | 02:53 | |
Komponist | Daði Freyr Pétursson | |
Tekstforfattar | Daði Freyr Pétursson | |
Låtskrivar(ar) | Daði Freyr Pétursson | |
---|---|---|
Produsent | Daði Freyr Pétursson, Arna Lára Pétursson, Bassi Ólafsson, Aron Ingi Albertsson |
«Think About Things» (islandsk tittel:«Gagnamagnið»,norsk omsetjing:datamengda) er ein song frå 2020 av denislandske songaren Daði Freyr Pétursson og bandet hansGagnamagnið. Songen vart gjeven ut 10. januar 2020 under sin islandske tittel, og den engelske versjonen vann den islandske songtevlinga Söngvakeppnin laurdag 29. februar 2020. Med sigeren vart «Think About Things»det islandske bidraget tilEurovision Song Contest 2020 iRotterdam iNederland, men tevlinga vart avlyst på grunn avkoronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.[1]
Songen er skriven av Daði Freyr Pétursson og har ei islandsk tekst med tittelen «Gagnamagnið», og ei engelsk tekst med tittelen «Think About Things». Dei to tekstene har ulike innhald. Medan den islandske teksta handlar om at bandetGagnamagnið kjem frå framtida for å redda verda med sin splitter nye dans, handlar den engelske teksta om dottera til låtskrivaren, som vart fødd i 2019.[2] I eit intervju uttala Daði sjølv at han såg på den engelske versjonen som «den verkelege utgåva av songen».[3]
« | Teksta til «Think About Things» er ei av dei mest personlige eg har skrive. Songen handlar om veslejenta mi, som vart fødd i april i fjor. I teksta snakkar eg om kjensla du har dei fyrste dagane og vekene når du veit at du elskar denne personen av heile ditt hjarta, sjølv om de eigentleg ikkje har noko særleg samhandling. | » |
Den islandske versjonen vart gjeven ut 10. januar 2020, medan den engelske versjonen deltok i den islandske songtevlinga Söngvakeppnin, den islandske versjonen avMelodi Grand Prix. I tevlinga deltok låten i den andre semifinalen laurdag 15. februar, og den vann til slutt finalen laurdag 29. februar.[4] Den engelske versjonen vart dimed det islandske bidraget til Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland. På grunn avkoronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 så EBU seg nøydd til å avlyse tevlinga for å hindra spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomencovid-19.[5] Island skulle ha delteke i semifinale 2 torsdag 14. mai 2020, men fekk aldri delteke i tevlinga.
Før Eurovision Song Contest 2020 vart avlyst, trekte fans, presse og veddemålsbyrå fram «Think About Things» som ein vinnarkandidat.[6][7] Då Noreg og Sverige arrangerte alternative Eurovision-finalar i mai 2020, vann «Think About Things» avrøystinga i begge land.[8][9]
«Think About Things har teke seg inn på fleire hitlister rundt om i Europa.
Liste (2020) | Høgste plassering |
---|---|
Belgia (Ultratip Flandern) | 3 |
Island (Tónlistinn)[10] | 1 |
Irland (Irish Singles Chart)[11] | 3 |
Skottland (Official Charts Company)[12] | 10 |
Sverige (Sverigetopplistan)[13] | 33 |
Storbritannia (UK Singles Chart)[14] | 34 |