Abel Makkonen Tesfaye (fødd16. februar1990), betre kjend somThe Weeknd, er eincanadiskR&B-sangar, songskrivar ogmusikkprodusent.[1] Låtane hans har motteke brei heider blant musikkritikarar for sin musikalske allsidigheit og mørke lyrikk.[2] Tekstane handlar ofte om kjærleik, frustrasjonar, festar o.l., ofte med direkte eller indirekte referansar tilnarkotika i songane hans. Sjølv om han hovudsakleg vert kategorisert somR&B, er han ein del av ein ny sjanger, som mellom annaDrake ogFrank Ocean er ein del av – Alternativ R&B,[3][4] som innarbeider elektroniske og meir minimalistiske element. Tesfaye har motteke fleire prisar og utmerkingar gjennom karrieren sin, høvesvis treGrammyprisar, seksAmerican Music Awards, 19Billboard Music Awards, toMTV Video Music Awards, 15Juno-prisar, og har vore nominert til einOscar.[5]
Tesfaye byrja karrieren sin i 2009 ved å gjeva ut musikk påYouTube, underpseudonymet The Weeknd for å vera anonym. To år seinare var han med på å grunnleggjaplateselskapet XO, der han gav ut dei kritikarrostemixteipaneHouse of Balloons,Thursday ogEchoes of Silence. Han oppnådde snøgt merksemd som fylgje av den dystre R&B-stilen og mystikken bak låtane og identiteten hans.[6] I 2012 inngjekk Tesfaye ein kontrakt medRepublic Records, som attgav dei tre mixteipane i eit samlingsalbum –Trilogy.[7] Det fyrste albumet,Kiss Land vart gjeve ut i 2013. Singelen «Earned It» frå ljodsporet til filmenFifty Shades of Grey (2015) vann ein Grammy for «Best R&B Performance» ('beste R&B framsyning') og vart nominert til ein Oscar for beste song.[8]
Tesfaye oppnådde kommersiell og kunstnerisk suksess med det andre studiealbumet hansBeauty Behind the Madness frå 2015. Albumet, som inneheldt singelane «Can't Feel My Face» og «The Hills», vart nr. 1 på amerikanskeBillboard 200 og var blant det beste seljande album for det året. Albumet mottok ein Grammy for «Best Progressive R&B Album» ('beste progressive R&B album') og vart nominert til «Album of the Year» ('årets album').[9] Det tredje studiealbumetStarboy (2016) oppnådde likeeins kommersiell suksess og inneheldt singelen «Starboy», som nådde nr. 1 på singelhitlista.Starboy mottok òg ein Grammypris for «Best Urban Contemporary Album» ('beste samtidsalbum av ein fleirkulturell'). I 2020 vart det fjerde studiealbumet gjeve ut i einnew wave-pop stil. AlbumetAfter Hours inneheldt nr. 1 hitane «Heartless», «Blinding Lights» og «Save Your Tears».[10]
The Weeknd har vorte samanlikna medPrince tilMichael Jackson, og han har sjølv uttala at han ser Jackson som den største vokalinspirasjonen sin, særskild songen «Dirty Diana».[11] I 2011 gav han ut eit cover avMichael Jackson sin megahit «Dirty Diana». Singelen «Blinding Lights» vart kjeven ut i november 2019, og har i etterkant skapa ein 'synthwave' som har inspirert mange artistar til å laga liknande songar.
Den 7. februar 2021 opptredde The Weeknd på den største musikkscena i verdaSuperbowl halftimeshow. Her song han nokre av dei største hitane sine. Der vart òg gjeve ut eit samlingsalbum til høve. Albumet inneheldt songar frå bådeAfter hours,Starboy,Beauty behind the madness og dessutanHouse of balloons.[12]
↑McDuffie, Candace (23. november 2016).«5 Reasons the Weeknd Is Redefining Music».Teen Vogue (på engelsk). Henta 23. desember 2021. «Born Abel Tesfaye, The Weeknd is a provocative and groundbreaking artist with a vocal style that simultaneously channels the greats, putting the Toronto native in a league of his own. Not only does he champion and embrace individuality, he chooses to be both lyrically and sonically daring. The Weeknd’s creative approach to music is uniquely appealing because he offers a form of escapism; he is able to transport you to the exact moments he sings about through his use of explicit detail.»