Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

The Troggs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Troggs

The Troggs i 1966. V-H: Pete Staples, Ronnie Bond, Chris Britton og Reg Presley
AliasThe Troglodytes
OpphavAndover i Hampshire i England
AktivSidan 1964
Sjanger
Tilknytte artistarTen Feet Five,R.E.M.
Plateselskap
Medlemmer
  • Chris Britton
  • Pete Lucas
  • Dave Maggs
  • Chris Allen
Tidlegare medlemmer

The Troggs (opphavleg kalla The Troglodytes)[3][4] er eit engelskgarasjerockband fråAndover i Hampshire i mai 1964. Dei hadde ei rekkje hittar i Storbritannia og USA. Dei mest kjende songane deira er «Wild Thing», «With a Girl Like You» og «Love Is All Around», som alle selde over 1 million eksemplar kvar og vart gullplater.[5] «Wild Thing» vart rangert på 257. plassen på lista til magasinetRolling Stone over dei 500 besste songane gjennom tidene og påverkagarasjerock ogpunkrock.[6]

Historie

[endre |endre wikiteksten]
The Troggs i 1971

Reg Presley (solovokal) ogRonnie Bond (trommer) var barndomsvener og tidleg i 1960-åra skipa dei eit R&B-band i heimbyen Andover.[7] I 1964 fekk dei med segPete Staples (bass) og Chris Britton (gitar) og vart The Troggs.[7] Dei vart signert avLarry Page, manageren tilThe Kinks, i 1965, og spelte inn musikk for selskapet hans,Page One Records, og Page leigde dei ut tilCBS for debutsingelen «Lost Girl».[3] Den mest kjende singelen deira var «Wild Thing» (skriven avChip Taylor) og då han vart brukt i fjernsynsserienThank Your Lucky Stars klatra han til andreplassen i Storbritannia og heilt til topps i USA i juli 1966. Kombinasjonen av eit enkelt, tungt gitarriff og ein flørtande tekst vart songen raskt eingarasjerockstandard. Han vart spelt inn i Olympic Studios i London, med Keith Grant som lydteknikar. På grunn av ein strid kring distribusjonsrettane i USA vart «Wild Thing» gjeven ut på to selskap:Fontana ogAtco.[8] Suksessen til bandet i USA var avgrensa sidan dei ikkje turnerte i landet før 1968.[2]

Dei hadde òg andre hittar, som «With a Girl Like You». Denne gjekk til topps i Storbritannia i juli 1966 og 29. plassen i USA. «I Can't Control Myself» nådde andreplassen i Storbritannia i september 1966.[9] Andre singlar var «Anyway That You Want Me» (10. plassen i Storbritannia i desember 1966), «Give It To Me» (12. plassen i Storbritannia 1967), «Night of the Long Grass» (17. plassen i Storbritannia i mai 1967), «Love Is All Around» (5. plassen i Storbritannia i november 1967 og 7. plassen i USA i mai 1968) og «Hi Hi Hazel» (42. plassen i Storbritannia i 1967). Populariteten til bandet dalte året etter. Den tidlegarePlastic Penny-bassisten Tony Murray erstatta Pete Staples i 1969. Richard Moore tok over for Britton på turneen deira i 1972 til 1973. I 1974, etter ein periode påPye Records, i eit forsøk på gjenskape suksessen i 1960-åra, gjekk The Troggs saman med Larry Page att, som no dreivPenny Farthing Records. Resultatet vart ein versjon avBeach Boys-hiten «Good Vibrations» men han selde dårleg. Det same gjorde einreggaeversjon av «Wild Thing». Richard Moore og Colin Fletcher erstatta Britton, som slutta i musikkindustrien ein periode for å drive ein nattklubb i Spania, for innspelinga av albumetThe Troggs Tapes i 1976. I 1980-åra fekk bandet kontrakt hos det franske selskapet New Rose og gav i 1982 ut albumetBlack Bottom og i 1990-åraAU.

I 1991 spelte dei innAthens Andover, eit samarbeid med tre medlemmar fråR.E.M.[2] Det vart spelt inn i heimbyen til det amerikanske bandet,Athens og vart gjeven ut i mars 1992.[3]

Bandet prøvde å utnytte denne nye eksponeringa med eit par bisarre samarbeid på nye versjonar av «Wild Thing». I 1992 slo dei seg saman med skodespelarenOliver Reed ogsnooker-spelarenAlex Higgins, og ein annan versjon kom året etter medWolf frå TV-showetGladiators, og denne nådde 69. plassen påUK Singles Chart.[3] I 1994 gjekkWet Wet Wet sin versjon av «Love Is All Around» til topps på den britiske singellista og låg der i heile 15 veker.

Den opphavlege trommeslagaren i bandet, Ronnie Bond, døydde 13. november 1992. I januar 2012 trekte Reg Presley seg attende etter å ha fått lungekreft. Bandet fortsette med den nye songaren Chris Allen. Presley døydde 4. februar 2013.[10]

Ettermæle

[endre |endre wikiteksten]

The Troggs vert rekna som eit viktig band for utvikinga avgarasjerock ogpunkrock.[6] Den amerikanske musikkskribentenLester Bangs kalla bandet «ættefedrene til punken».[11] Til dømes inspirerte The Troggs artistar somIggy Pop,[12] og den tidlege versjonen av dei britiske pop-punk-pioneraneBuzzcocks spelte «I Can't Control Myself» på konsertane sine.Ramones er òg blant punkbanda som har omtalt The Troggs som ei inspirasjonskjelde.

The Jimi Hendrix Experience spelte «Wild Thing» påMonterey Pop Festival i 1967, og introduserte han som ein felles britisk-amerikansk «nasjonalsong», og framføringa enda med at Hendrix sette fyr på gitaren sin.[2]

The Troggs i 2014

Bandmedlemmar

[endre |endre wikiteksten]

Noverande medlemmar

[endre |endre wikiteksten]
  • Chris Britton – sologitar, korvokal (1964–1972) (sidan 1979) (berre utvalde konsertar)
  • Pete Lucas – sologitar (1974) bass, korvokal (sidan 1979)
  • Dave Maggs – trommer (sidan 1984)
  • Chris Allen – solovokal (sidan 2012)

Tidlegare medlemmar

[endre |endre wikiteksten]
  • Reg Presley – solovokal (1964–2012; død 2013)
  • Ronnie Bond – trommer (1964–1984; død 1992)
  • Pete Staples – bass, korvokal (1964–1969)
  • Tony Murray – bass, korvokal (1969–1977, 1979-1984)
  • Jo Burt - bass (1977-1979)
  • Richard Moore – sologitar (1972–1979; død 2016)
  • David Wright - rytmegitar, korvokal (1972–1974; død 2008)
  • Colin Fletcher - rytmegitar, korvokal (1974–1976)

Tidslinje

[endre |endre wikiteksten]

Diskografi

[endre |endre wikiteksten]

Studioalbum

[endre |endre wikiteksten]

Konsertalbum

[endre |endre wikiteksten]
  • Trogglomania (1969)
  • Live at Max's Kansas City (1981)

Samlealbum

[endre |endre wikiteksten]
  • Best of The Troggs (1967) (UK #24)[13]
  • Love is All Around (1968)
  • Best of The Troggs Volume II (1969)
  • Contrasts (1970)
  • With a Girl Like You (1975)
  • Vintage Years (1976)
  • Hit Single Anthology (1991)
  • Archaeology (1967–1977) (1992)
  • Wild Thing (1992) Trace
  • Greatest Hits (1994) (UK #27)[13]
  • The EP Collection (1996)
  • The singles As & Bs (2004) (Storbritannia) : Repertoire Records

Singlar

[endre |endre wikiteksten]
  • «Lost Girl» (1965)
  • «Wild Thing» (1966) – UK #2, US #1, CAN #1,[14] NZ #1,[14] AUS #1,[14] NED #5,[14] GER #7,[14] NZ #28[15]
  • «With a Girl Like You» (1966) – UK #1, US #29, NED #1,[14] NZ #1,[14] SPA #1,[14] NOR #2,[14] GER #2,[14] CAN #11[14]
  • «I Can't Control Myself» (1966) – UK #2, US #43, GER #2,[14] NOR #4,[14] NED #7,[14]
  • «Any Way That You Want Me» (1966) – UK #8, GER #14,[14] NED #21[14]
  • «Give It to Me» (1967) – UK #12, GER #10,[14] NED #21[14]
  • «Night of the Long Grass» (1967) – UK #17, NED #33[14]
  • «Hi Hi Hazel» (1967) – UK #42, NED #39[14]
  • «Love Is All Around» (1967) – UK #5, US #7, CAN #3,[14] GER #15,[14] NED #19[14]
  • «Little Girl» (1968) – UK #37
  • «Little Red Donkey» (1968)
  • «Surprise Surprise» (1968)
  • «You Can Cry If You Want To» (1968) – CAN #12,[14]
  • «Hip Hip Hooray» (1968) – GER #16[14]
  • «Evil Woman» (1969)
  • «That's What You Get Girl» (1969)
  • «Easy Lovin'» (1970)
  • «Lover» (1970)
  • «The Raver» (1970)
  • «Lazy Weekend» (1971)
  • «Everything's Funny» (1972)
  • «Feels Like A Woman» (1972)
  • «Listen To The Man» (1973)
  • «Strange Movies» (1973)
  • «Good Vibrations» (1974)
  • «Wild Thing» (reggaeversjon) (1975)
  • «Summertime» (1975)
  • «(I Can't Get No) Satisfaction» (1975)
  • «I'll Buy You An Island» (1976)
  • «Feeling For Love» (1977)
  • «Just a Little Too Much» (1978)
  • «Coz We're Dancing» (1980)
  • «Black Bottom» (1982)
  • «Every Little Thing» (1984)
  • «Wild Thing '89» (1989)
  • «Don't You Know» (1990)
  • «Wild Thing» (medOliver Reed ogHurricane Higgins) (1992)
  • «Wild Thing» (medWolf) (1993) – UK #69)[13]

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. Nielsen Business Media, Inc. (30. desember 2000).Billboard. Nielsen Business Media, Inc. s. 90.ISSN 0006-2510. 
  2. 2,02,12,22,3Unterberger, Richie.«The Troggs biography».allmusic.com. Macrovision Corporation. Henta 21. mars 2008. 
  3. 3,03,13,23,3Strong, Martin C. (2002).The Great Rock Discography, 6th edn. Canongate.ISBN 1-84195-312-1. 
  4. [Clayson, Alan and Jacqueline RyanRock's Wild Things: The Troggs File (Helter Skelter, 2000)]
  5. Murrells, Joseph (1979).The Book of Golden Discs (2nd utg.). London: Barrie and Jenkins Ltd. s. 213–214, 232.ISBN 0-214-20512-6. 
  6. 6,06,1Laing, Dave (1985).One chord wonders: power and meaning in punk rock. P.12. Open University Press
  7. 7,07,1«Presley: Troggs Never Left Scene».Bluefield Daily Telegraph (West Virginia, Bluefield). 13. august 1975. s. 49. 
  8. Billboard – Google Books. Books.google.com. 9. juli 1966. Henta 3. april 2018. 
  9. Billboard – Google Books. Books.google.com. 3. desember 1966. Henta 3. april 2018. 
  10. «Reg Presley of the Troggs dies aged 71». BBC News. Henta 3. april 2018. 
  11. Ulaby, Neda,«Reg Presley, The Voice Of 'Wild Thing,' Dies», NPR, 3. april 2018. Henta 3. april 2018.
  12. WHSmith Entertainment:The Troggs[daud lenkje]WH Smith
  13. 13,013,113,213,313,4Roberts, David (2006).British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 567.ISBN 1-904994-10-5. 
  14. 14,0014,0114,0214,0314,0414,0514,0614,0714,0814,0914,1014,1114,1214,1314,1414,1514,1614,1714,1814,1914,2014,2114,2214,2314,24«The World's Music Chart (Song Artist 676 – The Troggs)». Henta 3. april 2018. 
  15. «charts.org.nz – New Zealand». Arkivert fråoriginalen 9. mars 2016. Henta 6. februar 2013. 

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Chris Britton · Pete Lucas · Dave Maggs · Chris AllenReg Presley ·Ronnie Bond ·Pete Staples · Tony Murray · Richard Moore · David Wright · Colin Fletcher ·Jo Burt
Studioalbum
Konsertalbum
Samlealbum
Singlar og EP-ar
«Lost Girl» · «Wild Thing» · «With a Girl Like You» · «I Can't Control Myself» · «Any Way That You Want Me» ·Troggs Tops · «Give It to Me» · «Night of the Long Grass» · «Hi Hi Hazel» · «Love Is All Around» ·Troggs Topps Volume 2 · «Little Girl» · «Surprise Surprise» · «You Can Cry If You Want To» · «Hip Hip Hooray» · «Evil Woman» · «Easy Lovin'» · «Lover» · «The Raver» · «Lazy Weekend» · «Everything's Funny» · «Listen to the Man» · «Strange Movies» · «Good Vibrations» · «Summertime» · «(I Can't Get No) Satisfaction» · «I'll Buy You an Island» · «Feeling for Love» · «Just a Little Too Much» · «I Love You Baby» · «Black Bottom» · «Every Little Thing» · «Don't You Know?»
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=The_Troggs&oldid=3428395»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp