Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

The Supremes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Supremes

Aktiv1959–1977
Sjangerdoo-wop,rhythm and blues,soul,pop,disco
PlateselskapMotown,Lu Pine Records
Prisarstjerne på Hollywood Walk of Fame,Rock and Roll Hall of Fame

The Supremes var ei songgruppe innansoul- ogrhythm-and-blues-sjangeren, hovudsakleg danna avFlorence Ballard,Mary Wilson ogDiana Ross. På 1960-talet var gruppa topprosjektet til plateselskapetMotown Records. Ho blir rekna som den mest suksessrike vokalgruppa iUSA, med tolv fyrsteplassar påBillboard si Hot 100-liste.[1]

Historikk

[endre |endre wikiteksten]

Gruppa blei skipa i 1959 under namnetThe Primettes. I utgangspunktet bestod dei av Ballard, Wilson, Ross ogBetty McGlown, som alle var frå det same nabolaget iDetroit. Gruppa var tenkt som eit motstykke til den mannlege songgruppaThe Primes (med mellom anna Paul Williams ogEddie Kendricks, som seinare var med å dannaThe Temptations) frå det same strøket.[2] The Primettes song på klubbar og deltok i talentkonkurransar, og fekk eit godt rykte lokalt. Etter kvart fekk dei med seg gitaristenMarv Tarplin.[3]

Etter å ha vunne ein større talentkonkurranse gjorde jentene eit framstøyt for å få gjeve ut ei plate. Dei tok kontakt medSmokey Robinson (ein tidlegare nabo av Ross), som då song iThe Miracles, og bad han ordna med prøvesynging for Motown-direktørenBerry Gordy. Robinson lova å få til dette, men overtalte dei samtidig til å la han få overta gitaristen Tarplin. Prøvesongen seinsommaren 1960 var dermeda cappella. Gordy meinte jentene var for unge og uerfarne, og han bad dei koma tilbake når dei var ferdige medhigh school. Gruppa klarte likevel å få gjeve ut ein singel («Tears of Sorrow»/«Pretty Baby») på eit anna selskap, utan at denne blei nokon stor suksess.[4][3]

Like etter forlét McGlown gruppa og blei erstatta avBarbara Martin. Jentene gjorde nye forsøk på å overtala Gordy, og dei fekk no og då kora på innspelingar med andre Motown-artister, somMarvin Gaye ogMary Wells. I januar 1961 fekk dei eigen kontrakt, no under namnet The Supremes. Martin gjekk ut av gruppa neste vår, og Ross, Ballard og Wilson etablerte seg som eintrio.[4][5][6]

Suksessen

[endre |endre wikiteksten]

Frå 1961 til 1963 gav The Supremes ut ei rekke singlar, hovudsakleg med materiale av Gordy og Robinson. Ingen av desse kom høgt opp på listene. I desember 1963 gav dei ut «When the Lovelight Starts Shining Through His Eyes», den fyrste songen deira skriven avHolland-Dozier-Holland. Denne nådde 23.-plassen påBillboard Hot 100. Neste år kom «Where Did Our Love Go», laga av den same låtskrivargruppa, og denne nådde – noko overraskande – fyrsteplass i USA og tredjeplass iStorbritannia.[7] Også dei fire neste låtane til gruppa hamna på topp i USA: «Baby Love», «Come See About Me», «Stop! In the Name of Love» og «Back in My Arms Again».[8]

På denne tida hadde Gordy bestemt at Ross skulle vera fyrstesongaren i gruppa. Denne rolla hadde dei tidlegare delt jamt seg imellom. Motown la stor vekt på at The Supremes skulle verka feminine og ikkje som ein imitasjon av mannlege songgrupper. Musikalsk skjedde dette gjennom den rolege stemma til Ross, og i opptreden gjennom nøye uttenkt sminke og påkledning og roleg koreografi. Det var viktig for selskapet at gruppa skulle appellera like mykje til eit kvitt som til eit svart publikum, noko som lykkast.[9][10]

På midten av 1960-talet var The Supremes blitt store stjerner. På eit og eit halvt år frå sommaren 1964 var dei med i femten nasjonale tv-show og deltok i nasjonale reklamekampanjar mellom anna forCoca-Cola. Dei var på framsida av blad somJet,Ebony,Look ogTime, og dei gav ut tolv singlar og sju album. Repertoaret blei samtidig utvida til å også omfatta standard-poplåtar, noko som passa stemma til Ross særleg godt. Medan det vanlege hittil hadde vore at kvite artistar overtok og fekk hittar med låtane til svarte rock-and-roll-songarar, skjedde no det motsette.[11] Gruppa var blant dei fyrste afroamerikanarane som ofte vitja dei mest populære amerikanske TV-showa (til dømes var dei 17 gongar på programmet tilEd Sullivan), og suksessen dei oppnådde, var eit viktig symbol iborgarrettskampen.[12][13]

Suksessen førte til at det blei brukt Supremes-musikk i fleire filmar, og i 1965 var dei òg sjølv på lerretet iBeach Ball.[14] Ei rekke produkt blei kalla opp etter dei, til dømes blei det lansert eit eige Supremes-brød.[15] Dei fekk fleire topplasseringar på listene, mellom anna «I Hear a Symphony», «You Can't Hurry Love» og «You Keep Me Hangin' On». MedSupremes A' Go-Go blei dei den fyrste kvinnegruppa som nådde toppen av albumlista tilBillboard, der dei dyttaThe Beatles medRevolver ned på andreplassen.[16][17]

Endringar og uro

[endre |endre wikiteksten]
The Supremes i 1968: Cindy Birdsong, Mary Wilson og Diana Ross

Den meir framtredande rolla til Ross skapte etter kvart uro i gruppa. Dette blei ikkje betre av at Ross og Gordy i ein periode var kjærastar. Ballard følte seg tilsidesett og fekk problem med alkohol og med vekta, noko som ikkje var gunstig for scene-imaget til gruppa. Sjølv om gruppa tidleg 1967 hadde ytterlegare to topplåtar («Love Is Here and Now You're Gone» og «The Happening»), var vennskapen og samarbeidsklimaet jentene imellom i stadig forverring. På denne tida bestemte Gordy òg at namnet skulle endrast til Diana Ross & the Supremes. I juli fekk Ballard sparken frå gruppa, ogCindy Birdsong overtok plassen hennar.[2][18]

The Supremes hadde no noko dalande popularitet. I 1968 og 1969 var det «berre» fire av ti singlar som nådde Topp 20 i USA (Billboards Hot 100-lista), og berre éin («Love Child») kom heilt til topps. Årsakene var fleire: Det var uro og dårleg klima i gruppa, låtskrivartrioen Holland-Dozier-Holland hadde forlate Motown i 1968 på grunn av økonomiske usemjer, den generelle musikksmaken hadde endra seg, og litt meir militante haldningar blant svarte gjorde at gruppa mista noko av fotfestet sitt i denne marknaden.[19][3]

I 1969 byrja arbeidet med å lansera Diana Ross som soloartist. Jean Terrell blei henta inn som erstatting. På dagtid var ho med på plateinnspelingar med Wilson og Birdsong, medan Ross framleis turnerte med dei to. Samstundes spelte Ross inn plater som skulle gjevast ut berre i hennar namn. Ei av desse var «Someday We'll Be Together». Gordy fann likevel ut at det ville vore fint med ein siste hit for Diana Ross & the Supremes, og plata kom ut under dette namnet, sjølv om verken Mary Wilson eller Cindy Birdsong er med. Låten nådde fyrsteplassen, som den tolvte for gruppa.[2]

I november 1969 blei det gjort kjent at Ross skulle gå solo. 21. desember opptredde gruppa saman for siste gong på tv, på showet til Ed Sullivan. 14. januar 1970 hadde dei den siste konserten sin iLas Vegas. Denne blei til dobbelt-albumetFarewell.[2][20]

The Supremes igjen

[endre |endre wikiteksten]

På avsluttingskonserten blei Terrell offentleg presentert som medlem av gruppa, som gjekk tilbake til det gamle namnet sitt, The Supremes. Dei fyrste par åra fekk dei fleire hit-låtar, men ingen nådde heilt til topps. «Up the Ladder to the Roof», «Stoned Love», «Nathan Jones» og «Floy Joy» kom alle inn på Topp 20 i USA, det same gjorde ein gruppeduettversjon avIke ogTina Turner sin «River Deep – Mountain High» saman medThe Four Tops.

I april 1972 forlét Birdsong gruppa. Ho blei erstatta av Lynda Laurence, men kom tilbake igjen året etter. Terrell gjekk så ut, medan Scherrie Payne kom inn.[2] Dei komande åra hadde The Supremes suksess med ein deldiscolåtar, og dei fekk tre fyrsteplassar på listene for denne sjangeren. 12. juni 1977 hadde The Supremes ein avskjedskonsert på Drury Lane-teateret iLondon. Det siste året hadde då Birdsong vore erstatta av Susaye Greene.[2]

Arven etter Supremes

[endre |endre wikiteksten]

Heidersteikn

[endre |endre wikiteksten]
Stjerne på Hollywood Walk of Fame

Tre av songane til The Supremes er valde inn iGrammy Hall of Fame: «Where Did Our Love Go», «You Keep Me Hangin' On» og «Stop! In the Name of Love».[21]

I 1994 fekk gruppa ei stjerne påHollywood Walk of Fame.[22] I 1988 blei gruppa (med besetninga Ross, Wilson og Ballard) vald inn iRock and roll Hall of Fame,[23] og to av songane deira («Stop! In the Name of Love» og «You Can't Hurry Love» er på æresgalleriet si liste over 500 songar som forma rocken.[24] I 1998 blei dei valde inn iVocal Group Hall of Fame.[25]

BladetRolling Stone har plassert dei som nummer 96 på ei liste over dei 100 største artistane gjennom tidene.[26]

Verk som byggjer på karrieren til The Supremes

[endre |endre wikiteksten]

FilmenSparkle frå 1976 handlar om den fiktive trioen «Sister & the Sisters» frå Harlem, med ein karriere som er svært lik den til The Supremes.Curtis Mayfield skreiv musikken, ogIrene Cara hadde rolla som Sparkle.[27]

MusikalenDreamgirls gjekk påBroadway 1521 gongar frå desember 1981. Han handlar om gruppa «The Dreams» fråChicago, og historia har òg her klare likskapstrekk med den til The Supremes. Musikalen fekkTony-prisen.[28] I 2006 kom ein film basert på musikalen.Beyoncé Knowles har ei sentral rolle i denne filmen.[29]

Seinare grupper

[endre |endre wikiteksten]

Frå 1986 turnerte Jean Terrell, Scherrie Payne og Lynda Laurence under namnet "The FLOS" (Former Ladies of the Supremes. I 1992 avslutta Terrell samarbeidet, ogSundray Tucker (syster til Laurence) kom då inn. Ho hadde faktisk prøvesunge for The Supremes tidlegare. I 1996 gjekk Tucker ut av gruppa igjen og blei då erstatta avFreddie Poole. The FLOS hadde tjueårsjubileet sitt i 2006. Birdsong var då til stades blant publikum og deltok òg i arrangementet med ein song.[2][30][31]

Gruppemedlemmer

[endre |endre wikiteksten]
  • Florence Ballard (1959–67)
  • Betty McGlown (1959–60)
  • Mary Wilson (1959–77)
  • Diana Ross (1959–70)
  • Barbara Martin (1960–62)
  • Cindy Birdsong (1967–72, 1973–76)
  • Jean Terrell (1970–73)
  • Lynda Laurence (1972–73)
  • Scherrie Payne (1973–77)
  • Susaye Greene (1976–77)

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]


  1. Graham Betts'Motown Encyclopedia omtaler The Supremes som «the most successful girl group to come out of America». Jay Warner skriver iAmerican Singing Groups at de var «the most successful female group of all time».
  2. 2,02,12,22,32,42,52,6Oppslag om The Supremes i Graham Betts:Motown Encyclopedia, AC Publishing 2014,ISBN 9781311441546.
  3. 3,03,13,2Artikkel om The Supremes i Bob Gulla:Icons of R&B and Soul. Smokey Robinson and the Miracles – The Temptations – The Supremes – Stevie Wonder, bind 2, Greenwood Publishing Group 2008,ISBN 9780313340468, side 289 ff.
  4. 4,04,1Oppslag om Diana Ross i Graham Betts:Motown Encyclopedia, AC Publishing 2014,ISBN 9781311441546.
  5. Oppslag om The Supremes i Jan Sneum:Politikens rock-leksikon – Udenlandsk rock gennem 40 år, Politikens Forlag 1992, side 546 f.
  6. «Motown Backup Singers – Unsung Vocalists», på nettstedet Soully Oldies; besøkt 23. mars 2016.
  7. Om «Where Did Our Love Go» på nettstedet Allmusic.com; besøkt 21. mars 2016.
  8. For referanser om plater og plasseringer, se under «Kilder».
  9. Tom Adrahtas:Diana Ross – The American Dream Girl. A Lifetime to Get Here, AuthorHouse 2006,ISBN 9781425971403, kapittel 3.
  10. Jack Ryan:Recollections, the Detroit Years. The Motown Sound by the People who Made it, Glendower Media 2012,ISBN 9780914303046, side 8–9.
  11. Tom Adrahtas:Diana Ross – The American Dream Girl. A Lifetime to Get Here, AuthorHouse 2006,ISBN 9781425971403, kapittel 4.
  12. Jerry Stitt:Benny to Beyonce, Xulon Press 2012,ISBN 9781619967229, side 42.
  13. Biografi iThe Rolling Stone Encyclopedia of Rock & Roll (Simon & Schuster 2001), på nettstedet tilRolling Stone; besøkt 23. mars 2016.
  14. The Supremes på film, på nettstedet Internet Movie Database; besøkt 22. mars 2016.
  15. «Loafing Around – The Supremes White Bread», på nettstedet Voices of East Anglia; besøkt 22. mars 2016.
  16. Om The Supremes på nettstedet Motown Museum; besøkt 23. mars 2016.
  17. OmtaleArkivert 2020-11-01 vedWayback Machine. på nettstedet Number1albums.com; besøkt 23. mars 2016.
  18. Nekrolog over Florence Ballard i Nick Talevski:Rock Obituaries - Knocking On Heaven's Door, Omnibus Press 2010,ISBN 9780857121172, side 16–17.
  19. Avital Bloch og Lauri Umansky:Impossible to Hold. Women and Culture in the 1960's, NYU Press 2005,ISBN 9780814799109, side 162 ff.
  20. «Diana Ross a single: Jean Terrell becomes third Supreme in January», iThe Indianapolis Recorder 15. november 1969, tilgjengelig på nettstedet Hoosier State Chronicles; besøkt 23. mars 2016.
  21. Grammy Hall of Fame ListArkivert 2011-02-19 vedWayback Machine.ArkivertWebCite på nettstedet Grammy.org; besøkt 23. mars 2016.
  22. «Supremes Get Star On The Walk Of Fame», i tidsskriftetJet 28. mars 1994, side 65.
  23. Omtale på nettstedet Rock and Roll Hall of Fame; besøkt 23. mars 2016.
  24. «500 Songs That Shaped Rock» på nettstedet Infoplease.com; besøkt 23. mars 2016.
  25. OmtaleArkivert 2009-08-27 vedWayback Machine. på nettstedet Vocal Group Hall of Fame; besøkt 23. mars 2016.
  26. Oversikt iRolling Stone 2. desember 2010; besøkt 23. mars 2016.
  27. OmSparkle på nettstedet Internet Movie Database; besøkt 23. mars 2016.
  28. Om musikalenDreamgirls på nettestedet Broadway Musical Home; besøkt 23. mars 2016.
  29. Om filmenDreamgirls på nettstedet Internet Movie Database; besøkt 23. mars 2016.
  30. James Arena:First Ladies of Disco. 32 Stars Discuss the Era and Their Singing Careers, McFarland 2013,ISBN 9780786475810, side 168.
  31. Ernie Alderete:«Sisters are doing it for themselves», iThe Bay Area Reporter 10. august 2006; besøkt 23. mars 2016.
  • Listeplasseringane i gruppa i USA (Billboard) finst på nettstaden Allmusic.com. Der og på nettstaden Discogs.com finst òg oversyn over plateinnspelingane. Britiske listeplasseringar finst på nettstaden Officialcharts.com.
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=The_Supremes&oldid=3456709»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp