The Police var eibritisk musikkgruppe som var aktiv i tida 1977-86, og som var samla att i 2007/08 til ein verdsturne. Gruppa bestod avSting, Stewart Copeland ogAndy Summers. Musikkstilen tilpop/rock-gruppa har impulsar frå bådereggae-, «new wave-» ogjazzmusikk. The Police er kjend for ei rad populære melodiar, som til dømesRoxanne,Don't Stand So Close to Me ogEvery Breath You Take.
The Police vart danna i 1976 iLondon av trommeslagaren Stewart Copeland. Han rekrutterte bassisten og songarenSting. Litt seinare på året kom ogsågitaristenAndy Summers.
Gruppa fekk sitt gjennombrot i 1978 med låtenRoxanne, som fyrst kom på singelplate og sidan var med på debutalbumetOutlandos d'Amour same året. I 1979 gav The Police ut albumetReggatta de Blanc, med hitsingelenMessage in a Bottle, som etablerte gruppa i det musikalske toppsjiktet i Europa. MedZenyatta Mondatta i 1980 fekk gruppa sitt store gjennombrot i Nord-Amerika, og der låtaneDe Do Do Do, De Da Da Da ogDon't Stand So Close to Me merka seg ut. Framgangen heldt fram med storseljarenGhost in the Machine frå 1981, mellom anna med melodienEvery Little Thing She Does Is Magic.
The Police tok pause gjennom 1982, då medlemane arbeidde med eigne prosjekt. Gruppa kom tilbake i 1983 med albumetSynchronicity som inneheld den mest kjende songen til The Police;Every Breath You Take. Albumet vart fylgt av turnéenSynchronicity Tour, som var avslutta i mars1984. Kort deretter byrja medlemane i gruppa å satse på sine solokarrierer. Gruppa var samla for ei tid i 1986, men spela ikkje inn ny musikk.
I 2007 vart The Police samla tilGrammy Award-festen, og la deretter ut på ein verdsturné som vara frå 2007 til 2008. Eit livealbum kom ut i 2008.