The Fat Man Singel avFats Domino | ||
A-side | «Detroit City Blues» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Desember 1949 | |
Innspelt | J&M Studio; 10. desember 1949 | |
Sjanger | Rock and roll,boogie-woogie | |
Lengd | 2:35 | |
Selskap | Imperial | |
Tekstforfattar | Fats Domino | |
Låtskrivar(ar) | Fats Domino,Dave Bartholomew | |
Fats Domino-kronologi | ||
The Fat Man | «Boogie-Woogie Baby» (1950) |
«The Fat Man» er ein song av den amerikanskerhythm and blues-artistenFats Domino. Han vart skriven av Domino ogDave Bartholomew, og spelt inn 10. desember 1949.[1] Han vert stundom omtalt somden første rock and roll-songen.[2]
Songen vart spelt inn forImperial Records iCosimo Matassa sitt J&M studio påRampart Street iNew Orleans iLouisiana den10. desember1949.Lew Chudd på Imperial hadde tidlegare bedeDave Bartholomew om å finne eit lokalt populært talent, og vart mest imponert av Fats Domino, som då spelte på ei arbeidarklassebule i byen.
Domino song og speltepiano i lag medEarl Palmer på trommer,Frank Fields på kontrabass,Ernest McLean på gitar og saksofonistane Herbert Hardesty,Clarence Hall, Joe Harris ogAlvin «Red» Tyler.
Songen er ein variasjon av den tradisjonelle New Orleans-songen «Junker's Blues» avDrive'em Down, som òg gav melodi tilLloyd Price sin «Lawdy Miss Clawdy» ogProfessor Longhair sin «Tipitina». «The Fat Man» inneheld eit tydelegetterslag som dominerer alle instrument på innspelinga. Domino gjer ògscatsynging på eit par av versa og etterliknar ein dempaDixieland-trompet.
They call, they call me the fat man «The Fat Song» av Fats Domino (1949) |
Plata vart ein lokal hit i New Orleans jula 1949 og var debutsingelen til Domino. B-sida heitte «Detroit City Blues». Imperial reklamerte med at plata hadde seld 10 000 eksemplar i New Orleans på berre ti dagar, og i januar 1950 vart ein nasjonal hit.