Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

The Edge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Edge

Gillette Stadium i 2009
Fødd8. august1961 (63 år)
FødestadBarking i London i England
FødenamnDavid Howell Evans
AliasThe Edge
OpphavCounty Dublin i Irland
Aktiv1976 til i dag
Sjangerrock,post-punk,alternativ rock
InstrumentGitar, vokal, klaverinstrument
Kjende instrumentGibson Explorer
Fender Stratocaster
Gibson Les Paul
Fender Telecaster
Gretsch Country Gentleman
Gretsch White Falcon
Rickenbacker 330/12
Epiphone Casino
Tilknytte artistarU2,Passengers
PlateselskapIsland,Mercury
Verka somMusikar, songar, låtskrivar
Gift medMorleigh Steinberg
Prisaroffiser av Frihetsordenen,3. klasse av Ukrainas fortjenstorden

David Howell Evans (fødd8. august1961), betre kjend under scenenamnetThe Edge (eller berreEdge),[1] er ein britiskfødd, irsk musikar og låtskrivar, mest kjend som sologitarist, klaverspelar og korvokalist i rockebandetU2. Han har vore medlem sidan starten av bandet og har spelt inn 13 studioalbum med bandet, og eit eige soloalbum. Som gitarist har Edge utvikla ein minimalistisk ogteksturbasert spelestil. Han nyttar ein rytmiskdelay-effekt som skapar ein særeigen romleg, klingande lyd som har blitt signaturlyden til U2.

The Edge var fødd iLondon i ein walisisk familie, men voks opp i Irland. I 1976 gjekk han påMount Temple Comprehensive School, og var med å danne U2 i lag med skulekameratane og den eldre brorenDik. Dei var inspirert avpunkrock og dei enkle arrangementa og gruppa byrja å skrive sine eigne songar. Dei vart etter kvart eit av dei mest populære banda i musikkhistoria med suksessrike album somThe Joshua Tree i 1987 ogAchtung Baby i 1991. I løpet av åra har the Edge eksperimentert med forskjellige gitareffektar og innlemma fleire musikksjangrar i sin eigen stil, somamerikansk roots-musikk,industriell musikk ogalternativ rock. I U2 har the Edge òg spelt klaverinstrument, og var medprodusent påZooropa i 1993. Stundom har han òg skrive tekstar.

Som medlem av U2 og som individ har the Edge fremja menneskerettar og filantropiske saker. Han var med å starteMusic Rising, ein veldedig organisasjon for å støtte musikarar som vart råka avorkanen Katrina. Han har samarbeidd med U2-kollegaBono på fleire prosjekt, inkludert songar forRoy Orbison ogTina Turner, og musikk til musikalenSpider-Man: Turn Off the Dark ogRoyal Shakespeare Company si oppsetjing avA Clockwork Orange. Fleire musikkmagasin har rangert the Edge blant dei beste gitaristane gjennom tidene.

Lovord

[endre |endre wikiteksten]

I 2011 rangerteRolling Stone han på 38. plassen på lista si over dei 100 beste gitaristane gjennom tidene.[2] I 2012 rangerte magasinetSpin han på 13. plassen på si eiga lista.[3]

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. McCormick (2006), p. 21
  2. «100 Greatest Guitarist: The Edge».Rolling Stone. 27 November 2008. Henta 16. mai 2016. 
  3. Spin Staff (3 Mai 2012).«SPIN's 100 Greatest Gitarists of All Time».Spin.SpinMedia. Henta 16. mai 2016. [daud lenkje]

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld:The Edge
WikifrasarWikifrasar har ei sitatsamling som gjeld:The Edge
Studioalbum
Samlealbum og EPar
Andre album
Videoar og filmar
Andre medverkande
Tilknytte artiklar


Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=The_Edge&oldid=3428236»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp