The Cosmos Rocks Studioalbum avQueen + Paul Rodgers | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 15. september 2008 | |
Innspelt | November 2007 – august 2008, The Priory platestudio | |
Sjanger | ||
Lengd | 58:46 | |
Selskap | Parlophone /Hollywood | |
Produsent | Brian May,Paul Rodgers,Roger Taylor co-produsents: Joshua J Macrae, Justin Shirley Smith, Kris Fredriksson | |
Queen + Paul Rodgers-kronologi | ||
---|---|---|
Return of the Champions (2005) | The Cosmos Rocks | Live in Ukraine (2009) |
Queen-kronologi | ||
Made in Heaven (1995) | The Cosmos Rocks | |
Singlar fråThe Cosmos Rocks | ||
|
The Cosmos Rocks er det einaste studioalbumet tilQueen + Paul Rodgers, gjeve ut 15. september 2008. Det inneheld 14 nye spor skrivne avBrian May,Paul Rodgers ogRoger Taylor. Det er det første studioalbumet med nye songar frå dei to attverande medlemmane iQueen sidanMade in Heaven i 1995, og det einaste studiosamarbeidet medPaul Rodgers.[1]
Bandet gjekk inn i studioet til Roger Taylor seint i 2006 etter å ha fullført den amerikanske delen av verdsturneen deira. Innspelingane vart tilpassa andre turnéplanar som Rodgers hadde. På den tidlegare turneen hadde bandet debutert ein ny song, «Take Love», som ikkje kom med på albumet. Gjennom marknadsføringa for soloturneen sin, debuterte Rodgers songar som «Warboys» og «Voodoo».John Deacon hadde trekte seg attende frå musikkindustrien og bassen vart derfor spelt av Rodgers og May. Den første singelen, «Say It's Not True» kom ut ni månader før albumet. Den andre singelen, «C-lebrity», vart framført påAl Murray's Happy Hour i april, fem månader før albumet kom ut. Albumet kom ut 17 år etter frontmannen og songaren i Queen,Freddie Mercury, døydde i 1991.
Alle spor skrivne avQueen + Paul Rodgers
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Cosmos Rockin'» (Roger Taylor) | 4:10 |
2. | «Time to Shine» (Paul Rodgers) | 4:23 |
3. | «Still Burnin'» (Brian May) | 4:04 |
4. | «Small» (Taylor) | 4:39 |
5. | «Warboys» (Rodgers) | 3:18 |
6. | «We Believe» (May) | 6:08 |
7. | «Call Me» (Rodgers) | 2:59 |
8. | «Voodoo» (Rodgers) | 4:27 |
9. | «Some Things That Glitter» (May) | 4:03 |
10. | «C-lebrity» (Taylor) | 3:38 |
11. | «Through the Night» (Rodgers) | 4:54 |
12. | «Say It's Not True» (Taylor) | 4:00 |
13. | «Surf's Up... School's Out!» (Taylor) | 5:38 |
14. | «Small Reprise» (Taylor) | 2:05 |
15. | «Runaway» (Del Shannon/Max Crook, eksklusivt bonusspor påiTunes) | 5:28 |
Merk: Den japanske utgåva inneheld ein CD-versjon i staden for ein DVD-versjon.
Det vart gjevne ut tre singlar frå albumet:
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Classic Rock | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Financial Times | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Mojo | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
PopMatters | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Record Collector | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Rolling Stone | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
The Guardian | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Total Guitar | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Uncut | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Cosmos Rocks fekk blanda kritikk. I følgje samlesidaMetacritic, fekk albumet ein gjennomsnittleg score på 42/100,[8] og er rangert på 28. plassen på lista over dei dårlegaste albuma på Metacritic.[9]Alexis Petridis fråThe Guardian gav albumet to av fem stjerner og skreiv «tekstane er teite, banale, noko støytande og har ein underminert effekt på musikken som er bak».[6]PopMatters gav albumet 7/10 og sa: «Paul Rodgers pustar nytt liv i Queen, men held likevel den enorme arva til bandet intakt, der dei kjempar seg fram med nye songar i det 21. hundreåret».[4] Mojo gav albumet tre stjerner og skreiv «Stundom snublar dei, som på den dårlege 'Warboys.' Men Rodgers er med på å rettferdiggjere gjenkomsten til Queen».[8]
Liste (2008) | Plassering |
---|---|
Australske album (ARIA)[11] | 49 |
Austerrikske album (Ö3 Austria)[12] | 11 |
Belgiske album (Ultratop Flandern)[13] | 18 |
Belgiske album (Ultratop Vallonia)[14] | 16 |
Kroatiske utanlandske album (IFPI)[15] | 22 |
Tsjekkiske album (CNS IFPI)[16] | 4 |
Danske album (Hitlisten)[17] | 24 |
Nederlandske album (MegaCharts)[18] | 8 |
Finske album (Suomen virallinen lista)[19] | 15 |
Franske album (SNEP)[20] | 28 |
Tyske album (Media Control)[21] | 4 |
Ungarske album (MAHASZ)[22] | 15 |
Irske album (IRMA)[23] | 47 |
Italienske album (FIMI)[24] | 6 |
Norske album (VG-lista)[25] | 31 |
Polske album (ZPAV)[26] | 22 |
Portugisiske album (AFP)[27] | 25 |
Spanske album (PROMUSICAE)[28] | 20 |
Svenske album (Sverigetopplistan)[29] | 24 |
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[30] | 5 |
Britiske album (OCC)[31] | 5 |
USBillboard 200[32] | 47 |
«Rock the Cosmos-turneen» byrja i september 2008 for å marknadsføre albumet. Opningskonserten vart innspelt og gjeven ut på DVD somLet the Cosmos Rock. Turneen omfatta ein av dei største utandørskonsertane som er haldne, iKharkiv iUkraina, med kring 350 000 i publikum. I løpet av turneen spelte Queen for like under 1 millionar betalande.