Ordet «thai» (ไทย) betyr ifølgjeGeorge Coedès «fri mann», til forskjell frå dei erobra opphavlege folkegruppene som vart gjort tilliveigne.[1] Den thailandske akademikaren Jid Phumisak (จิตร ภูมิศักดิ์) skreiv i 1976 atthai betyr «menneske» då forskinga hans på språk i landlege område viste at folk der ofte nytta ordetthai om menneske i staden forkhun som var meir utbreidd blant thailenderar.[2]
Thailand, ellerMuang Thai/Prathet Thai som det heiter påthai, vart tidlegare kallaSiam. Både namnaMuang Thai ogPrathet Thai tyder «landet til frie menneske» eller «landet til menneske». Det tidlegare namnet Siam kom truleg frå folkegruppashan, og vart brukt fram til1949. Thailand vert ofte òg kalla «Smilets land»,[3][4] ettersom folka der har ord på seg for å vera smilande og vennlege.
Trass i stadig press frå europeiske makter frå 1500-talet vart Siam aldri erobra og kolonisert av dei, som det einaste landet i området.
I 1767 fall hovudstaden etter å ha vore kringsett av burmesarane i 14 månader, og vart brunnen ned.[8]:218
Det noverande kongedømet vart til i1767. Landet utførte mange reformer på 1800-talet, og var særleg ope for britiske handelsinteresser, slik at fleire historikarar har kalla det «ein uformell del» avdet britiske imperiet. Det konstitusjonelle monarkiet vart til som eit resultat avden siamesiske revolusjonen av 1932.[9]Japanske væpna styrker invaderte Thailand den 8. desember 1941. Etter nokre timar med kamp inngjekk statsministerPhibun våpenkvile, og inngjekk ein allianse med Japan.[10]
Mellom 1985 og 1995 hadde landet den største vekstraten i verda, med eit årleg snitt på nesten 9%. Dette fekk ein brå slutt i 1997, då intensvalutaspekulering med den thailandskebahten førte til atkursen kollapsa og landet gjekk inn i ei økonomisk krise saman med heileSøraust-Asia. På den andre sida førte den låge baht-verdien til ein auke i turismen.
Massakre i 1992
Ein folkemasse som demonstrerer i Bangkok.
Frå 17. mai til 20. mai opplyste styresmaktene at 52 menneske vart drepne. Frivillig helsepersonell rapporterte at meir enn 100 menneske vart drepne i Bangkok.[11] Perioden vert kalla «Svart mai». KongBhumibol Adulyadej brukte innflytinga si til å stoppa påfølgjande samanstøyt mellom hæren og demonstrantar.
Kongen har lita makt, men han har framleis ein viktig rolle som øvste leiar forbuddhismen og samlande nasjonalt symbol for landet. Kongen og familien hans opptrer dagleg på ulike arrangement og er høgt verdsette. Å kritisere monarkiet eller medlem av kongefamilien kan rammast av lova ommajestetsfornærming i Thailand kalla Lèse-majesté-lova.[12] I 2021 vart ei kvinne dømd til 43 år i fengsel for å ha brote denne lova.[13]
Militærjuntaen gav formelt frå seg makta i 2019. Den nye regjeringa hadde sitt fyrste møte den 30. juli 2019.[14]
Thailand er eit tropisk land med fleire ulike økosystem. Den sentrale delen av landet består av grøderike elvesletter, norddelen er fjellendt og skogkledd, nordaustdelen av landet er eit stort platå, og sørdelen er ei smal, kystprega halvøy som er del avMalayahalvøya.[16]
Med fjellområde både i aust og i vest unngår Thailand dei store nedbørsmengdenemonsunen kan føre med seg. Det er likevel fuktig her, men òg solrikt, særleg om vinteren som har literegn. Sjølv på sommaren er det relativt lite regn, men fjellområda kan få regn- ogtorevêr litt oftare.
Dei høgareliggande områda i nord kan verta ganske kjølige om sommaren, ogtemperaturen går ofte ned mot 15 °C, og av og til heilt ned mot 5 °C.Bangkok og deltaområdet i nærleiken har varme ettermiddagar året rundt, men kveldane er litt mindre fuktig om vinteren. Mars og april er ofte svært varme, før monsunen set inn. Bangkok har ein årleg nedbørsnormal på 1397 mm.
Kraeidet i sør har om lag dei same temperaturane året rundt med regn på austkysten om vinteren og på vestkysten om sommaren. Mai til oktober er den våtaste tida på året i denne delen av Thailand, med kraftigast regn på slutten av sommaren. Thailand vert sjeldan råka avtyfonar, men kan stundom merke restane av gamle system, som kan gje littvind og auka nedbør.
Størstedelen av det thailandske folket er etniske thaiar eller laotar; dei siste bur hovudsakleg i Isan-regionen nordaust i Thailand, der dei utgjer rundt ein tredjedel av folketalet. Det bur òg ei stor gruppe utflytte kinesarar i landet, som har spela ein stor rolle i økonomien til landet. Andre folkegrupper ermalayar i sør,monar,khmerar og ei rekke ulikeurfolk.
Hovudreligionen ertheravada-buddhisme (95 %), med ein liten del kristne, hinduar og andre religionar, og ei gruppemuslimar sør i landet. Mange av desse ønskjer sjølvstende eller å slutta seg til det muslimske nabolandetMalaysia, noko som har ført til uro i områda dei bur i.
Kart over fylka i Thailand.Kart over sentrale byar i Thailand.
Thailand er administrativt delt inn i 76provinsar ellerfylke (changwat). Provinsane vert delt inn i fem grupperingar. Kvar provins er delt inn i mindre distrikt, eller kommunar. Thai-namnet eramphoe. I år 2000 var det 795 slikeamphoe-distrikt, 81 under-distrikt (konge amphoe) og 50 distrikt i Bangkok (khet).
Namnet på kvar provinshovudstad (mueang) er i daglegtale lik namnet på fylket. (Eit unnatak finst iPhayao-fylket.)
↑George, Cœdès (1. januar 1968).The Indianized states of Southeast Asia. East-West Center Press. s. 197.ISBN9780824803681.OCLC961876784. «the Thai military aristocracy distinguished itself at this time from the conquered populations: the ethnic termThai took on the meaning “free man” in Siamese, this differentiating the Thai from the natives encompassed in Thai society as serfs.».
↑จิตร ภูมิศักดิ์ 1976: "ความเป็นมาของคำสยาม ไทย ลาวและขอม และลักษณะทางสังคม ของชื่อชนชาติ" (Jid Phumisak 1976: "Coming Into Existence for the Siamese Words for Thai, Laotian and Khmer and Societal Characteristics for Nation-names")
↑Irun Dahl Elverum.Smilets land. 1. mai 2004. Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 41, nummer 5, 2004, side 395