Tettleik ellerdensitet (symbol: ρ (gresk bokstav rho)) er eit mål formasse pervolum. Om eit objekt har høgare tettleik, har det større masse per volumeining, og vil kjennast tungt ut. Har det låg tettleik vil objektet kjennast lett ut, sjølv om det er stort eller mykje av det. Eit objekt med stor tettleik (somjern) vil ha mindre volum for lik masse samanlikna med noko som har mindre tettleik (somvatn).
SI-eininga for tettleik er kilogram pr. kubikkmeter (kg/m³)
Gjennomsnittstettleiken for eit objekt er lik den totale massen delt på det totale volumet:

der
ρ er tettleiken til objektet (målt i kilogram pr. kubikkmeter).
m er den totale massen til objektet (målt i kilogram).
V er det totale volumet til objektet (målt i kubikkmeter).
Somme nyttar enno dei gamle einingane g/cm³ (gram pr. kubikkcentimeter), g/ml (gram pr. milliliter), kg/dm³ (kilogram pr. kubikkdesimeter), eller kg/l (kilogram pr. liter) til å måle tettleik.
1 g/cm³ = 1 g/ml = 1 kg/dm³ = 1 kg/l
1 g/cm³ = 1000 kg/m³
0,001 g/cm³ = 1 kg/m³
Den kanskje høgaste kjende tettleiken er den i materien til einøytronstjerne (sjånøytronium). Den gravitasjonelle singulariteten i senteret til eitsvart hol har i følgjeden generelle relativitetsteorien ikkje volum, så tettleiken er udefinert.
Det naturlege stoffet med høgast tettleik påJorda eriridium, 22 650 kg/m³
Tettleikar til diverse stoff:
Merk den låge tettleiken til aluminium samanlikna med andre metall. Difor erfly laga av aluminium. Sjå au at luft har ein tettleik som er liten, men ikkje null.Aerogel er verdas lettastefaste stoff.