Terrorisme er medvitne og systematiske åtak på sivile for å skapa frykt, med intensjon om å nå politiske, ideologiske eller religiøse mål. Dei som gjer dette, kan vera organisasjonar (sjå nedanfor) eller statar. I det siste tilfellet kallar ein det gjernestatsterrorisme.
USA har ei terrorliste som nemner mellom annaTaliban,Hamas,ISIL ogAl-Qaida som terrororganisasjonar.[1]
Lov av 20.mars 1998(Oppheva) nr. 10 om forebyggande tryggingssteneste (Tryggingslova) §3 punkt 5, opererte med ein smalare definisjon av terrorisme. Der vart terrorhandlingar definert som: «Ulovlig bruk av, eller trussel om bruk av, makt eller vold mot personer eller eiendom, i et forsøk på å legge press på landets myndigheter eller befolkning eller samfunnet forøvrig for å oppnå politiske, religiøse eller ideologiske mål.»[2]
Straffeloven §§ 131-146 tek føre seg definisjon og straff som omhandlar terrorisme.[3]
I Noreg er detPolitiets tryggingsteneste (PST) som har ansvaret for å førebyggja terrorhandlingar.[4]
- ↑Ramsey, Wanda,«Foreign Terrorist Organizations»,United States Department of State (på engelsk), henta 6. juli 2022
- ↑«Lov om forebyggende sikkerhetstjeneste (sikkerhetsloven) - Lovdata»,lovdata.no, henta 6. juli 2022
- ↑«Lov om straff (straffeloven) - Kapittel 18. Terrorhandlinger og terrorrelaterte handlinger - Lovdata»,lovdata.no, henta 6. juli 2022
- ↑«Forebyggje»,www.pst.no (på norsk), henta 6. juli 2022