Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Terner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Terner
Hinduterne Sterna paradisaea
HinduterneSterna paradisaea
Systematikk
Rike:DyrAnimalia
Rekkje:RyggstrengdyrChordata
Underrekkje:VirveldyrVertebrata
Klasse:FuglarAves
Orden:Vade-, måse- og alkefuglarCharadriiformes
Underorden:Lari
Familie:MåsefamilienLaridae
Underfamilie:TernerSterninae

Terner er eit utval av slektene imåsefamilien, Laridae. Ternene er slanke fuglar med langevenger og kløftahale. Dei fleste lever ved kysten, på havet, andre i innlandet ved elvar og innsjøar. Terner finst utbreidd over heile verda med til saman 41artar i 9slekter. I nyarebiologiske systematikk finn ein ofte ternene som ein medlem av eller underfamilieSterninae av måsefamilien,Laridae.[1] Terner kan elles vere klassifiserte som ein sjølvstendigbiologisk familie,ternefamilien, Sternidae.[2]

Skildring

[endre |endre wikiteksten]
Dvergterne,Sternula albifrons
Foto: JJ Harrison
Alveterne,Sternula nereis
Foto: Drew Avery
Langnebbterne,Thalasseus elegans
Foto: Kevin Cole
Inkaterne,Larosterna inca
Foto: Cristóbal Alvarado Minic

Mange terneartar som hekkar i tempererte soner er harlange trekkruter, mykje sannsynleg serraudnebbterna meir dagslys enn nokon annan skapning, ettersom ho vandrar frå oppvekststader nord motArktis sør tilAntarktis. Ein unge av raudnebbterne som blei ringmerka påFarne-øyane utanfor Nordaust-England sommaren 1982, nåddeMelbourne iAustralia i oktober same året, etter ei flyging på over 22 000 km over hav på berre tre månader. I gjennomsnitt er det 240 km per dag, og ei av dei lengste reisene som er registrert for nokon fugl.

Terner har kvit eller gråfjørdrakt, ofte med svart hette på hovudet. Dei har tynt, langt nebb og slankare og meir straumlinjeforma kroppsform enn måsar. Med langehalefjør og lange venger ser dei elegante ut i flukt. Terner i slektaSterna har djupt gaffeldelte halar, iChlidonias oginkaterne har mindre gaffeldelte halar, medannoddyar i slekteneAnous,Procelsterna ogGygis har meir taggforma hale, dei midtytste halefjørene er dei lengste, ikkje dei sentrale eller dei ytste. Terner varierer i storleik frådvergterne på 42 gram og 23 cm, tilrovterne på 630 g og 53 cm.

Dei fleste terner,Sterna og noddyer, fangstar fisk ved stupdykking. Terner med våtmarkshabitat,Chlidonias, plukkarinsekt frå overflata av ferskvatn. Terner har sjeldan glideflukt, men nokre få artar, og då spesieltsotterne, kan sveve høgt over havet. Terner sym sjeldan, jamvel om dei har symjehud på føtene, om dei då ikkje badar.

Terner hekkar i store, tettpakka koloniar. Reiret kan vere ei grop i bakken eller i sparsam samling av kvistar og flytande vegetasjon. Terner har generelt høg levealder til fuglar å vere, ein veit no at fleire artar kan leve i overkant av 25-30 år.

Artsliste terner

[endre |endre wikiteksten]

Terner, underfamilie Sterninae, i rekkjefølgje etterIOC World Bird List V13.1, 2023,[3] med norske artsnamn etterNorske navn på verdens fugler.[4] IUCN kategori er etterHBW and BirdLife Taxonomic Checklist.[5]

SlektGelochelidon

  • Sandterne,Gelochelidon nilotica, Gull-billed tern,(Gmelin, JF, 1789), (LC)
  • Sumpsandterne,Gelochelidon macrotarsa, Australian tern,(Gould, 1837), (LC)

SlektHydroprogne

  • Rovterne,Hydroprogne caspia, Caspian tern,(Pallas, 1770), (LC)

SlektThalasseus

  • Kongeterne,Thalasseus maximus, Royal tern,(Boddaert, 1783), (LC)
  • Hinduterne,Thalasseus bergii, Greater crested tern,(Lichtenstein, MHC, 1823), (LC)
  • Bengalterne,Thalasseus bengalensis, Lesser crested tern,(Lesson, RP, 1831), (LC)
  • Høvdingterne,Thalasseus albididorsalis, West african crested tern,(Hartert, EJO, 1921)
  • Kinaterne,Thalasseus bernsteini, Chinese crested tern,(Schlegel, 1863), (CR)
  • Splitterne,Thalasseus sandvicensis, Sandwich tern,(Latham, 1787), (LC)
  • Strandterne,Thalasseus acuflavidus, Cabot's tern,(Cabot, S, 1847)
  • Langnebbterne,Thalasseus elegans, Elegant tern,(Gambel, 1849), (NT)

SlektSternula

  • Dvergterne,Sternula albifrons, Little tern,(Pallas, 1764), (LC)
  • Arabardvergterne,Sternula saundersi, Saunders's tern,(Hume, 1877), (LC)
  • Amerikadvergterne,Sternula antillarum, Least tern,Lesson, RP, 1847, (LC)
  • Amazondvergterne,Sternula superciliaris, Yellow-billed tern,(Vieillot, 1819), (LC)
  • Perudvergterne,Sternula lorata, Peruvian tern,(Philippi & Landbeck, 1861), (EN)
  • Alveterne,Sternula nereis, Fairy tern,Gould, 1843, (VU)
  • Benguelaterne,Sternula balaenarum, Damara tern,Strickland, 1853, (LC)

SlektOnychoprion

  • Beringterne,Onychoprion aleuticus, Aleutian tern,(Baird, SF, 1869), (VU)
  • Polynesiaterne,Onychoprion lunatus, Spectacled tern,(Peale, 1849), (LC)
  • Tygleterne,Onychoprion anaethetus, Bridled tern,(Scopoli, 1786), (LC)
  • Sotterne,Onychoprion fuscatus, Sooty tern,(Linnaeus, 1766), (LC)

SlektSterna

  • Flodterne,Sterna aurantia, River tern,Gray, JE, 1831, (VU)
  • Rosenterne,Sterna dougallii, Roseate tern,Montagu, 1813, (LC)
  • Nyzealandterne,Sterna striata, White-fronted tern,Gmelin, JF, 1789, (NT)
  • Svartnakketerne,Sterna sumatrana, Black-naped tern,Raffles, 1822, (LC)
  • Svaleterne,Sterna hirundinacea, South american tern,Lesson, RP, 1831, (LC)
  • Makrellterne,Sterna hirundo, Common tern,Linnaeus, 1758, (LC)
  • Kvitkinnterne,Sterna repressa, White-cheeked tern,Hartert, EJO, 1916, (LC)
  • Raudnebbterne,Sterna paradisaea, Arctic tern,Pontoppidan, 1763, (LC)
  • Sørhavsterne,Sterna vittata, Antarctic tern,Gmelin, JF, 1789, (LC)
  • Kerguelenterne,Sterna virgata, Kerguelen tern,Cabanis, 1875, (NT)
  • Prærieterne,Sterna forsteri, Forster's tern,Nuttall, 1834, (LC)
  • Svartøyreterne,Sterna trudeaui, Snowy-crowned tern,Audubon, 1838, (LC)
  • Svartbukterne,Sterna acuticauda, Black-bellied tern,Gray, JE, 1831, (EN)

SlektChlidonias

  • Maoriterne,Chlidonias albostriatus, Black-fronted tern,(Gray, GR, 1845), (EN)
  • Kvitkinnsvartterne,Chlidonias hybrida, Whiskered tern,(Pallas, 1811), (LC)
  • Kvitvengsvartterne,Chlidonias leucopterus, White-winged tern,(Temminck, 1815), (LC)
  • Svartterne,Chlidonias niger, Black tern,(Linnaeus, 1758), (LC)

SlektPhaetusa

  • Tjukknebbterne,Phaetusa simplex, Large-billed tern,(Gmelin, JF, 1789), (LC)

SlektLarosterna

  • Inkaterne,Larosterna inca, Inca tern,(Lesson, RP & Garnot, 1827), (NT)

Raudnebbterne ogmakrellterne er vanlege hekkefuglar iNoreg medandvergterne,splitterne ogrovterne har hekka sporadisk.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]

Fotnotar

[endre |endre wikiteksten]
  1. Til dømes iBiology of Marine Birds, side 74
  2. IGyldendals store fugleguide side 184 er eit døme.
  3. Gill, Frank; Donsker, David; Rasmussen, Pamela, red. (January 2023).«Hummingbirds».IOC World Bird List Version 13.1. International Ornithologists' Union. Henta 15. mai 2023. 
  4. Norsk navnekomité for fugl (NNKF).«Norske navn på verdens fugler».Birdlife Norge. Henta 15. mai 2023. 
  5. «HBW and BirdLife Taxonomic Checklist».BirdLife Data Zone (version 7 utg.).BirdLife International. Desember 2022. Henta 15. mai 2023. 

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld:Terner
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Terner&oldid=3516300»
Kategoriar:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp