Termosflaske ellertermo(s)kanne, gjerne forkorta tiltermos, stundom kallavarmeflaske,[1] er eiflaske medisolerande vegger slik at mat eller drikke held på temperaturen.
Termosflask vart oppfunnen av den skotske fysikaren sirJames Dewar i 1901. Namnet kjem avThermos, som er ein produsent av termosflasker. Denne produsenten var ein gong i tida så dominant på marknaden at produktet vartsynonymt med fabrikatet. Selskapet er framleis innehavar av figurmerke der ordetthermos inngår.[2]
Det engelske namnetDewar flask[3] syner til på oppfinnaren.
Den gode isolasjonsevna kjem av flaska har doble veggar medvakuum imellom. Sidan det er vakuum mellom veggane finst det ingen materie som kan leie varme. Tidlegare var ho laga avglas. Ho er kjenslevar for støyt, og flaska kunne øydeleggast om ho fekk ein støyt. I løpet av 1980-åra vart det vanleg med «uknuselege» termosar med flaske avrustfritt stål. Mattermoser har større kork, slik at innhaldet er betre tilgjengeleg. Tidlegare var korken til termosen laget avkork. Nå framstillast han vanlegvis av plast, med ein ventil som gjør det mogeleg å skjenke frå termosen uten at ein treng å skru av korken. Slike konstruksjonar er som regel vanskelege å gjere reine.
På midten av 1900-talet kom termokanner eller TV-kanner som i prinsippet er ein termos med hank og tut.
Denne artikkelentreng fleirereferansar for verifikasjon. Du kanforbetra denne artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningene/påstandene som treng kjeldebelegg ved å tilføya{{tr}} etter påstanden.Malen blei sett inn 2023