Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Termikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Døme på ein termikk frå bakken til ei cumulussky. Skya (A) er over bakken. Sola varmar opp bakken (1). Varmluft (2) byrjar å stige til den vert avkjøld. På grunn av den lågare lufttrykket vil den utvide seg og søkke (3)

Eintermikk ellertermisk oppvind er ei søyle med stigandeluft frå låg høgde iatmosfæren. Termikkane vert danna på grunn av ujamn oppvarming av jordoverflata som følgje avsolstråling, og er eit døme påkonveksjon. Sola varmar opp bakken, som så varmar opp lufta over den.

Når det oppstår eit område med varmare luft vil dette området utvide seg og bli lettare (mindretettleik) enn lufta rundt. Denne lettare luftmassen vil så stige, men vil samtidig avkjølast på grunn av utvidinga. Denne prosessen held fram til lufta har blitt avkjølt så mykje at den har den sametemperaturen som den omliggande lufta, og den vil då stoppe å stige. Termikkar har ofte søkkande luft i området rundt termalsøyla. Dette er luft som søkk ned til bakken for å erstatte den stigande lufta.

Storleiken og krafta til termikkane er avhengig av samansettinga til lufta i den lågare atmosfæren. Hovudsakleg når lufta er kald vil bobler med varm luft dannast ved bakken og varme lufta over, og stig så som ein varmluftsballong. Ein seier då at lufta er ustabil. Viss det er varmare luft i høgda over, kan eintemperaturinversjon hindre termikken i å stige vidare. Ein seier då at lufta er stabil.

Cumulusskyer er ofte ein synleg indikasjon på at ein har termikkar. Når ein har eit jamtvindfelt kan termikkar og cumulusskyene oppstå i rekkjer langs vindretninga. Cumulusskyer vert danna av stigande luft i termikkane som så vert avkjøld når den stig. Avkjølinga fører til atvassdampen i luftakondenserer til synlegevassdropar. Det kondenserte vatnet frigjevlatent varme som varmar opp lufta. Lufta kan då fortsette å stige. Svært ustabil luft kan stige så høgt og kondensere så store mengder vatn at dei kan gjeregnbyger eller føre tiltorevêr.

Termikkar er og ein av fleire prosessar som kan fåseglfly til å stige.

Sjå òg

[endre |endre wikiteksten]
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Termikk&oldid=2545412»
Kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp