| Terje Søviknes | |||
Terje Søviknes Foto: FrPMedia | |||
| Fødd | 28. februar1969 (56 år) Os | ||
|---|---|---|---|
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Parti | Framstegspartiet | ||
| Yrke | politikar,ingeniør | ||
| Utdanna ved | Høgskolen i Bergen Norges handelshøyskole | ||
| Verv | Norske olje- og energiminister 20. desember 2016– 30. august 2018 | ||
| Føregangar | Tord Lien | ||
| Verv | Ordførarar i Os oktober 1999–desember 2016 | ||
| Føregangar | Geirmund Dyrdal | ||
| Etterfylgjar | Marie Lunde Bruarøy | ||
| Verv | 2. nestleiar i Framstegspartiet mai 1999–januar 2001 | ||
| Føregangar | Vidar Kleppe | ||
| Etterfylgjar | John Alvheim | ||
| Alle verv |
| ||
Terje Søviknes (fødd 28. februar 1969) er ein norsk politikar fråFramstegspartiet. Han varolje- og energiminister iregjeringa Solberg frå 20. desember 2016 til 30. august 2018.[1][2]
Han varordførar iOs kommune iHordaland frå 1999 til 2016. Søviknes er også gruppeleiar for Framstegspartiet i Hordaland fylkesting, og vart i 2005 utnemnd som formann i Frps kommunalpolitiske utval. Han var 2. nestleiar i partiet 1999–2001, og vidare 2. nestleiar frå 2019.
Terje Søviknes kjem frå Søvikneset iLysefjorden iOs kommune. Han er utdanna sivilingeniør.
Terje Søviknes vart ordførar i Os i 1999, og vart med det den første Frp-ordføraren i landet. Os kommune vart då omtalt som Framstegspartiet sitt «utstillingsvindauge» og Søviknes' popularitet og politikk gav han tilnamnet «Trollmannen frå Os» i mange aviser.
Terje Søviknes var frå 1999 til 2001 nestformann i Framstegspartiet saman medSiv Jensen og var ein profilert rikspolitikar. Han vart i denne perioden ofte omtalt som dåverande partiformannCarl I. Hagens naturlege etterfølgjar.[3] Han trekte seg frå alle rikspolitiske verv i januar 2001 etter at det vart kjend at han hadde hatt seksuell omgang med ei 16-årig jente på ein fest iLangesund etter eit landsmøte iFramstegspartiets Ungdom. Siv Jensen og partileiinga vedgjekk seinare at dei kjende til saka då Søviknes vart nominert på førsteplass på Hordaland Frps liste tilstortingsvalet 2001. Søviknes heldt fram som ordførar, men var ikkje innblanda i rikspolitikken før hausten 2002 då han var innleiar på partiets landskonferanse. Frå 2003 har han vore til stades på landsmøta. Siv Jensen uttrykte at ho ønskjer Terje Søviknes tilbake i rikspolitikken.[4]
Vedkommunevalet i 2003 gjekk FrP si oppslutning i Os frå 36,6 til 45,7 prosent – ein framgang på nær ti prosentpoeng i forhold til valet i 1999. Os vart òg den kommunen i Noreg der partiet hadde størst tilslutning. I valet i 2007 oppnådde partiet 44,8 prosent i Os.[5]