Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Tempel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Døme på tempel

Noverande religionar:

  • Buddhistisk tempel
  • Djaintempel
  • Hindutempel
  • jødisk tempel
  • Mormontempel
  • Ortodoks tempel
  • Parsartempel

Tidlegare religionar:

  • Romersk tempel
  • Gresk tempel
Tempel tilHefaistos i Aten.
BuddhisttempeletDaigoji i Japan.

Tempel er ei nemning som blir brukt omheilage bygningar innan mangereligionar. Ordet kjem frålatintemplum som tyder 'heilag stad'. Eit tempel blir som regel rekna som ein stad der einguddom held til, og ein utfører gjerne ei form for tilbeding der. Det finst ofte reglar for kven som kan koma inn og korleis ein skal oppføra seg i tempel.

Bruk av ordet

[endre |endre wikiteksten]

Tempel er eit vidt omgrep som kan femna om gudshus innan fleire religionar. Det blir noko sjeldnare brukt innandei abrahamittiske religionane, der muslimar aldri vil omtala einmoské som eit tempel, dei fleste kristne har mange ulike namn på sakralbygg men bruker sjeldantempel, og jødar ofte samlar seg i einsynagoge ellershul ettersomTempelet i Jerusalem ikkje finst lenger. Det finst likevel kristne tempel innanortodoks kristendom ogmormontrua, og mangereformjødar brukar ordettempel om gudshus.

Kvinne i eit tempel påTaiwan.

Bruk av tempel

[endre |endre wikiteksten]

Truande kan gå til tempel for å tilbe guddommar, til dømes ved åbe, utføraofferhandlingar, og bli signa avgudebilde ellerprestar. Ein kan òg gå til tempel for å vera saman med andre truande.

Det kan stillast visse krav til dei som vil inn i tempel, som at dei skal vera (rituelt) reine og passande påkledde. I visse religionar får berre dei som høyrer til religionen koma inn i tempelet. Det blir òg venta at ein viser ein viss respekt for guddommen.

Kjende tempel

[endre |endre wikiteksten]

Sjå òg

[endre |endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld:Tempel
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Tempel&oldid=3490408»
Kategoriar:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2026 Movatter.jp