| Tell All the People Singel avThe Doors frå albumetThe Soft Parade | ||
| B-side | «Easy Ride» | |
|---|---|---|
| Utgjeve | Juni1969 | |
| Innspelt | Tidleg 1969 | |
| Sjanger | Rock | |
| Lengd | 3:24 | |
| Selskap | Elektra | |
| Tekstforfattar | Robby Krieger | |
| Låtskrivar(ar) | Robby Krieger | |
| Produsent | Paul Rothchild | |
| The Doors-kronologi | ||
| «Wishful Sinful» (1969) | Tell All the People | «Runnin' Blue» (1969) |
«Tell All the People» var den tredje singelen fråThe Doors-albumetThe Soft Parade i 1969. Songen er òg kjend som «Follow Me Down», sidan det er den mest nytta setninga i songen. Han vart gjeven ut med «Easy Ride» som B-side og nådde 57. plass på den amerikanske singellista.
«Tell All the People» var skriven av gitaristRobby Krieger, og det var på grunn av denne songen at låtskrivar-tilskrivinga påSoft Parade vart gjeven til individuelle bandmedlem, og ikkje til heile bandet slik som tidlegare.Jim Morrison ønskte ikkje at nokon skulle tru at han hadde skrive teksten til «Tell All the People», sidan teksten oppfordrar folk til å finne fram våpna sine.