Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Teleologi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Teleologi (av gresktelos, 'føremål' og-logi) er ideen om at naturprosessar er styrte ut frå føremål som er utforma på førehand og ikkje ut frå føregåande årsaker. Slike føremål kan vera bevisste eller ubevisste.

Teleologi er brukt om føremålsmessige forklaringsprinsipp, og kan stå som motsats til årsaksforklaringer. Eit døme på teleologi kan til dømes vera at ein meineraugo er blitt utforma slik dei er for at dei skal kunna brukast til å sjå med, slik at strukturen er bestemt av funksjonen.

Teleologi var det dominerande forklaringsprinsippet i vitskapen frå antikken og gjennom mellomalderen. Med utviklinga av dei nye naturvitskapane på 1600-talet prøvde ein å systematisk erstatta hensiktsårsaker med mekanistiske og kausale forklaringstypar.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  • Teleologi. 20. februar 2018. Henta 17. juli 2018. 
Spire
Dennefilosofiartikkelen er eispire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom åutvide han.
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Teleologi&oldid=3061760»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp