Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Tele

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Teleløysing iUtajärvi iFinland.

Tele er frose jordlag som oppstår nårtemperaturen ligg under frysepunktet lenge nok til at jordlaget frys. Djupna til telen avheng av kor lenge temperaturen ligg under frysepunktet, og kor mykje under han ligg. Om det ligglaussnø på bakken, isolerer han for varmetap frå bakken til lufta, og telen vert ikkje så djup som om bakken hadde vore berr.

Fyljer for næringsverksemd

[endre |endre wikiteksten]

Tele kan påverka ymse typar næringsverksemd på ulike måtar.

Jordbruk

[endre |endre wikiteksten]
Frosen åker.

Innanjordbruket fører telen i nordlege strøk til ei ikkje uvesentleg avkorting av vekstsesongen, som i sin tur går ut over lønsemda. Han kan og hindra arbeid som i mange land vert utført utanom vekstsesongen, sompløying, slik at dette arbeidet må utførast om hausten før telen set inn, eller på våren etter at telen er gått. Der telen vanlegvis kjem seint, og det er vanleg å lataforrotvekstar stå i jorda til dei skal nyttast, kan tidleg tele både hindra hausting og føra til at vekstane vert øydelagde.

Skogbruk

[endre |endre wikiteksten]

Forskogbruket kan telen ha ei positiv side ved ved at bereevna til marka aukar, slik at ein kan nyttatraktor og tungeskogsmaskinar utan å gjera skade på skogbotnen. Ved å driva framtømmer når det er tele kan ein i somme høve spara utgifter tilskogsvegar. I tidlegare tider då ein nytta hest i skogen var òg telen ein viktig faktor der ein laut kryssamyrer, men òg for å hindra at tømmeret vart flidd til med jord og sand, som skjemmersagene.

Bygg og anlegg

[endre |endre wikiteksten]

Innanbygg og anlegg er telen mest til bry og fører ofte til ekstra utgifter, ved at gravearbeid vert vanskelegare og difor dyrare. Ved god planlegging kan ein unngå å utføra større gravearbeid når det er kraftig tele, men reparasjonar må likevel utførast om vinteren. Det er då ofte naudsynt å nyttahydraulisk hammar eller å varma opp marka og tina telen før ein tek til med gravinga.

Samferdsel

[endre |endre wikiteksten]
Teleskade iPuolanka iFinland.

Når marka frys utvidar ho seg med om lag 10%[1], så om vegbotnen er sett saman av både jod og sand oppstår det humpar i vegbanen, kallatelehiv. Frostsikkre vegar har redusert problemet med telehiv, men framleis er telehiv og andre skadar eit problem etter vintrar med lange kuldeperiodar, som til dømes vinteren 2010-2011[2][3], spesielt fortungtransporten.

Når telen går om våren fører det til at den tettpakka vegbanen ikkje drenerer bort overskotsvatnet. Bereevna vert då dårlegare og det oppstår lett skadar på vegen. Tidlegare var dette eit stort problem iNoreg og det var vanleg med nedsettaksellast i vårløysinga. Nokre vegar har framleis så dårleg underlag at det er naudsynt å redusera aksellasta om våren. På grunn av dei store skadane som for stor aksellast fører til er det storebøter for å overskrida tillate akseltrykk. Etter som redusert aksellast reduserer nyttelasten kan dette føra til inntektstap for dei som driv medtransport.

I tidlegare tider, før det kom vegar, kunne telen letta samferdsla, ved at myrar fraus til slik at det vart mogleg å kryssa dei medhest ogslede.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. Gyldendals store konversasjonsleksikon, Gyldendals norske forlag, Bnd. S-Å, 3. utg., 1972.
  2. Gansmo, A.K.,Ingen vet hva telehiv koster, NRK, 13/4-2011.
  3. Wik, F. og Reite, T.Tøff vinter har tært på vegene, NRK Møre og Romsdal, 18/4-2011.

Sjå òg

[endre |endre wikiteksten]
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Tele&oldid=3553132»
Kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp