Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Teheran-provinsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Teheran
تهران
Provins
Land Iran
RegionRegion 1[1]
Fylke16
HovudstadTeheran
Areal18 814 km²
Folketal 13 267 637(2016)[2]
TidssoneIRST (UTC+03:30)
 •  SommartidIRDT (UTC+04:30)
Kart
Teheran-provinsen
35°42′42″N51°24′25″E / 35.7117°N 51.407°E /35.7117; 51.407
Wikimedia Commons: Tehran Province

Teheran-provinsen (persisk استان تهرانOstān-e Tehrān) er ein av 31provinsar iIran. Han dekkjer eit areal på 18 909 km² og ligg nord for det sentrale platået i Iran.

Provinsen vart plassert i Region 1 der det administrative senteret for regionen vart oppretta i hovudstadenTeheran, då provinsane i Iran vart fordelt i regionar i 2014.[1]

Teheran-provinsen grensa rilMazandaran i nord,Qom-provinsen i sør,Semnan-provinsen i aust ogAlborz-provinsen i vest. StorbyenTeheran er hovudstad både i provinsen og i Iran. I 2004 hadde provinsen 13 bydistrikt, 43 kommunar og 1 358 landsbyar.

Teheran-provinsen er den mest velståande provinsen i Iran og bidrar til kring 29 % avBNP i landet. I tillegg husar han 18 % av alle innbyggjarane i landet. Teheran-provinsen er den mest industrialiserte provinsen i Iran. 86,55 % av innbyggjarane bur i urbane strøk, og 13,5 % på landsbygda.

Provinsen vart viktig då Teheran vart hovudstad forQajar-dynastiet i 1778. I dag har Teheran meir enn sju millionar innbyggjarar og er blant dei 20 mest folkerike storbyane i verda.

Geografi

[endre |endre wikiteksten]

Provinsen Teheran har over 12 mlilionar innbyggjarar og er den tettast folkesette regionen i Iran. Dei største elvane i provinsen erKarajelva ogJajrud.

Fjellkjeder somAlborz strekkjer seg over det nordlege området. Savad Kooh og Firooz Kooh ligg i nordaust, Lavasanat, Qarah Daq, Shemiranat, Hassan Abad og Namak-fjella ligg i sør, Bibi Shahr Banoo og Alqadr ligg i søraust og Qasr-e-Firoozeh-høgdene ligg i aust.

Klimaet i Teheran-provinsen er varmt og tørt, men i fjellområda i nærleiken er det kaldt og halvtørt. I dei høgareliggande områda er det kaldt med lange vintrar. I dei varmaste månadane frå midten av juli til midten av september, er middeltemperaturne kring 28–30 ºC, medan dei kaldaste månadane i desember og januar har ein middeltemperatur på kring 1 ºC, men kan stundom gå så lågt som –15 ºC. Teheran by har moderate vintrar og varme somrar. Årsmiddelnedbøren er kring 200 mm og det meste kjem om vinteren. I alt har provinsen eit halvtørtsteppeklima i sør ogfjellklima i nord.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. 1,01,1همشهری آنلاین-استان‌های کشور به ۵ منطقه تقسیم شدند
  2. 2,02,12,22,3«جمعیت به تفکیک تقسیمات کشوری» (på persisk). Henta 29. oktober 2023. 
  3. 3,03,13,2«جمعيت کشور برحسب جنس در نقاط شهری و روستایی به تفکیک استان (۱۳۹۰)» (på persisk). Henta 29. oktober 2023. 
  4. 4,04,14,2«جمعیت برحسب جنس به تفکیک سن و استان در سال ۱۳۸۵» (på persisk). Henta 29. oktober 2023. 

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld:Teheran-provinsen
Flag of Iran
Hovudstad
Fylke
ogbyar
Landemerke
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Teheran-provinsen&oldid=3568704»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp