| Tegan and Sara | |||
| Aktiv | 1995– | ||
|---|---|---|---|
| Sjanger | indierock,indiepop | ||
| Plateselskap | Sire Records,Vapor Records,Warner Bros. Records | ||
| Prisar | Juno Award for Group of the Year | ||
Tegan Rain Quin ogSara Kiersten Quin (fødd 19. september 1980 iCalgary) er eit canadisk tvillingpar som syng i bandetTegan and Sara. Dei fekk sitt gjennombrot då dei vann konkuransen Garage Warz i Calgary i 1998. Begge både skriv og syng sine eigne songar. Dei har mellom anna turnert med fleire kjende artistar, til dømesNeil Young,Ryan Adams,Ben Folds,Rufus Wainwright,The Pretenders,The Killers,Lilith Fair,Hot Hot Heat,Weezer,Little Birdy ogTiësto.
Tegan bur iVancouver iBritisk Columbia, medan Sara bur iMontreal iQuebec. Begge to er lesbiske. Dei opptredde i ein episode i den amerikanske serienThe L Word, om liva til homofile, bifile og transseksuelle, i 2006.