Tayma | |||
landsby | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Koordinatar | 27°37′47″N38°32′38″E / 27.62972°N 38.54389°E /27.62972; 38.54389 | ||
![]() Tayma 27°37′34″N38°32′51″E / 27.6260861°N 38.5475976°E /27.6260861; 38.5475976 | |||
Wikimedia Commons: Tayma |
Tayma (arabisk تيماء; òg kallaTema) er ein storoase som har vore busett i lange tider, nordvestSaudi-Arabia der handelsruta mellom Yathrib (Medina) ogDumah (al-Jawf) byrja å krysseNefudørkenen. Tayma ligg 264 km søraust for byenTabouk og kring 400 km nord forMedina.
Nyare arkeologiske funn har avdekt at Tayma har vore busett sidanbronsealderen. I 2010 vart det funne ein stein nær Tayma med ein inskripsjon frå den egyptiske faraoenRamses III. Dette var den førstehieroglyfiske inskripsjonen på saudiarabisk jord. Basert på denne oppdaginga trur ein at Tayma kan ha vore ein del av ei viktig landrute mellom kysten avRaudehavet ogDen arabiske halvøya ogNildalen.[1]
Første gongen oasebyen er nemnt som «Tiamat» er i assyriske inskripsjonar datert attende til 700-talet fvt. Oasen utvikla seg til ein velståande by, rik på vatn og flotte bygg.Tiglath-pileser III tok i mot skatt frå Tayma, og Sennacherib kalla ein av portane iNineveh for Ørkenporten, og dokumenterte at «gåver frå folket i Sumu'an og Teyme kjem gjennom porten.» Han var rik nok på 600-talet fvt. til atJeremias profeterte mot byen (Jeremias 25:23). Han vart då styrt av eit lokalt arabisk dynasti kallaqedarittane. Namnet på to dronningar på 700-talet fvt.,Shamsi ogZabibei, er òg nedskrive.
Under deler av regjeringstida si budde den babylonske kongenNabonidus i Tayma for å tilbe og sjå etter profetiar, og let sonen styre Babylon. Tayma var derfor ein viktig stad på denne tida.
Ein har funnekileskriftinskripsjonar som kan vere frå 500-talet fvt. i Tayma. Han er nemnt fleire gonger iGamletestamentet, der han vert kalla Tema.
I følgje arabiske segner var Tayma busett av eit jødisk samfunn seint i antikken, men om dette er jødane som vart sende i eksil fråJudea eller arabiske etterkomarar av konvertittar er uklårt. I det første hundreåret evt. skal Tayma ha vore ein hovudsakleg jødisk busetnad. Den jødiskediasporaen på tida dåTempelet vart øydelagd, var i følgjeJosefus iPartia (Persia),Babylonia (Irak),Arabia, og somme jødar bortanforEufrat og iAdiabene (Kurdistan). I Josefus sine eigne ord hadde han informert «dei mest fjerntliggande arabarane» om øydelegginga.[2] Så i førislamsk arabisk poesi vert Tayma ofte omtalt som ein festningsby som høyrte til jødane. Så seint som på 500-talet var Tayma busett av den velståande jøden Samau’al ibn ‘Ādiyā.[3][4]
Tayma og nabobyenKhaybar vart vitja avBenjamin frå Tudela kring 1170, som hevda byen vart styrt av ein jødisk fyrste. Benjamin var ein jøde fråTudela i Spania. Han reiste til Persia og Arabia på 1100-talet.
Sommaren 1181 gjekkRaynald av Châtillon til åtak på ein muslimsk karavane nær Tayma, trass i ein våpenkvile mellom sultanSaladin og kongBalduin IV av Jerusalem, under eit raid i Raudehavsområdet.[5]