Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Tartus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert fråTartous)
Tartus
طرطوس
by
Hamratgata
Land Syria
GuvernementTartus guvernement
DistriktTartus-distriktet
Koordinatar34°53′N35°53′E / 34.883°N 35.883°E /34.883; 35.883
Folketal 115 769  (2004)[1]
Retningsnummer43
Kart
Tartus
34°53′00″N35°53′00″E / 34.883333333333°N 35.883333333333°E /34.883333333333; 35.883333333333
Kart som viser Tartus.
Kart som viser Tartus.
Kart som viser Tartus.
Wikimedia Commons: Tartus

Tartus (arabisk طرطوس,Ṭarṭūs; òg skriveTartous) er ein by ved kysten avMiddelhavet iSyria. Tartus er den nest største hamnebyen i Syria (etterLattakia), og den største byen iTartus guvernement. Han hadde 115 769 innbyggjarar i 2004.[2] Om sommaren dreg mange syrarar her på ferie. Det finst mange ferieanlegg i regionen. Det ligg eit literussisk marineanlegg i hamna i Tartus.

Historie

[endre |endre wikiteksten]

Fønikisk Antaradus

[endre |endre wikiteksten]
For meir om dette emnet, sjåArwad.

Historia til Tartus går attende til 1000-talet fvt, då han vart grunnlagd som einfønikiskkoloni underAradus.[3] Kolonien vart kalla Antaradus (frå gresk «Anti-Arados → Antarados»,Anti-Aradus, som tyder «Byen som vender mot Arwad»). Ikkje mykje er att av denfønikisk Antaradus. Busetnaden var knytt til den viktigare og større busetnaden Aradus, utanfor kysten av Tartus, og den nærliggande stadenAmrit.[4]

Gresk-romersk ogbysantinsk tid

[endre |endre wikiteksten]

Byen vart kalla Antaradus på latin og var ein av keisarKonstantin sine favorittstader for dyrkinga avJomfru Maria. Det første kapellet som vart tileigna Jomfru Maria er sagt å ha blitt bygd her på 200-talet.

Islamsk tid

[endre |endre wikiteksten]

Muslimske armear erobra Tartus underAyyan bin al-Samet al-Ansary i 636.

Krosstoga

[endre |endre wikiteksten]
Katedralen Vår frue av Tortosa frå krossfarartida.

Krossfararar kalla byen Antartus og Tortosa. Han vart først erobra avRaymond av Saint-Gilles, og vart i 1105 gjeve til sonenAlfonso Jordan og vart då kalla Tortosa. I 1123 bygde krossfararane den delvis befestaKatedralen Vår frue av Tortosa over eibysantinsk kyrkje som var populære hos pilegrimar. Katedralen vart nytta som moské etter at muslimane tok byen attende, så som forlegning for osmanarane. Ho vart renovert under franskmennene og er i dag eit bymuseum med antikvitetar fråAmrit og mange andre stader i regionen.Nur ad-Din Zangi tok Tartus attende frå krossfararane ei kort stund før han vart tapt igjen.

I 1152 vart Tortosa gjeve tiltempelriddarane, so nytta han som militært hovudkvarter. Dei bygde fleire store byggverk, som ei borg med eit stort kapell og eit utførleg borgtårn, omgjeve av tjukke, doble, konsentriske murar.[5] Tempelriddarane hadde som mål å verne byen og landområdet rundt, som hadde blitt okkupert av kristne nybyggjarar, frå muslimske åtak. Byen Tortosa vart gjenerobra avSaladin i 1188, og hovudkvarteret til Tempelriddarane vart flytta tilKypros. I Tortosa klarte likevel nokre tempelriddarar å trekkje seg attende til borgtårnet, som dei heldt fram å nytte som basen sin for dei neste 100 åra. Dei bygde stadig fleire festningverk kring tårnet, fram til det òg fall, i 1291. Tortosa var den siste utposten til tempelriddarane på det syriske fastlandet, etter at dei trekte seg attende til ein garnison på den nærliggande øyaArwad, der dei heldt ut tiår til.

Geografi og klima

[endre |endre wikiteksten]

Byen ligg på austkysten avMiddelhavet ved grensa tilAlawittarfjella i aust.Arwad, den einaste busette øya langs den syriske kysten, ligg nokre få kilometer utanfor Tartus.

Tartus dekkjer dei fleste lågtliggande områda og er omgjeve i aust av fjell som hovudsakleg består av kalkstein, og kring somme stader, som ved byenSouda,basalt.

Klima

[endre |endre wikiteksten]

Byen harmiddelhavsklima med korte vintermånader og moderate temperaturar frå april til oktober. Åsane aust for byen er med på å gje Tartus ein del nedbør. Fukta om sommaren kan nå 80 %.[6]

Vêrdata for Tartus
JanFebMarAprMaiJunJulAugSepOktNovDesÅr
Gjennomsnittleg maks °C15,816,418,621,924,827,329,23029,226,622,417,923,34
Døgnmiddeltemperatur °C1212,714,717,620,323,92626,725,121,917,713,719,36
Gjennomsnittleg min °C8,48,910,412,815,619,122,222,820,416,913,21015,06
Gjennomsnittlegnedbør mm177,5142,1105,257,12012,30,73,88,267,6105184,8884,3
Gns. dagar med regn12,510,29,35,42,10,50,10,10,84,46,51162,9
Kjelde:Hong Kong Observatory[7]


Økonomi, samferdsle og marinebase

[endre |endre wikiteksten]
Tartus hamn

Tartus er eit viktig handelssenter i Syria og har ein av dei to hovudhamnene til landet vedMiddelhavet. Hamna vert utvida sidan mange importvarer som vert nytta til gjenoppbygginga avIrak går gjennom hamna.

Tartus er ein populær turistdestinasjon. Byen har gode sandstrender og fleire ferieanlegg. Det vart gjort store investeringar i byen i åra før borgarkrigen braut ut.

Tartus har eit velutvikla nettverk av vegar og motorvegar.Chemins de Fer Syriens driv jernbanenettverk som knyt Tartus til storbyane i Syria, sjølv om berreLatakia-Tartus-ruta er i drift i dag.

Russisk marinebase

[endre |endre wikiteksten]

Ein marinebase fråsovjettida ligg i Tartus. Denne kom til i 1971 etter ein avtale med Syria og er framleis bemanna av russisk marinepersonell. Tartus er den siste russiske militærbasen utanfor Sovjetunionen, og den einaste ved Middelhavet, noko som gjer at russiske marinefartøy ikkje treng å dra attende til basane iSvartehavet for å fylle drivstoff og forsyningar, og slepp å dra gjennomBosporossundet i Tyrkia, som er NATO-medlem.[8]

Hovudattraksjonar

[endre |endre wikiteksten]
Båtar i hamna i Tartus.

Det historiske senteret i Tartus består av meir nylege bygningar bygd på og innanfor bymurane til festninga bygd av Tempelriddarane under krosstoga. Vollgrava skil framleis gamlebyen frå den moderne byen på nord- og austsida. Utanfor festninga er det lite att frå historia, utanom den katedralen Vår frue av Tartus frå 1100-talet. Kyrkja er i dag eit museum. Den tidlegare presidentenHafez Assad og den hovudsakleg islamske administrasjonen hans lovde å gje staden attende til dei kristne som eit symbol på den djupe kristendomen i Syria, men han døydde før denne lovnaden vart utført. Sonen hans, den noverande presidentenBashar Assad, har hevda han vil fullføre lovnaden til faren.

Det finst mange arkeologiske funn i Tartus og det omliggande området, som:

ByenAl Hamidiyah ligg like sør for Tartus og er kjend for å ha ein gresktalande folkesetnad på kring 3 000 som er muslimar. Ætta deira flytta der seint på 1800-talet fråKreta.[9] Sidan starten påIrakkrigen har nokre få tusen irakarar slått seg ned i Tartus.[treng kjelde]

Kjende folk

[endre |endre wikiteksten]
  • Saadallah Wannous (1941–1997), skodespelforfattar og den første arabaren som talte ved International Theatre Day.
  • SjeikSaleh Al-Ali, ein syrisk revolusjonær som kjempa mot det franske mandatet.
  • Dr.Halim Barakat, romamforfattar og sosiolog.[10]
  • Jamal Suliman, skodespelar.
  • George Wassouf, kjend arabisk popstjerne.
  • Ghassan Masoud, skodespelar.
  • Taim Hasan, skodespelar.
  • Giana Eid, skodespelarinne.
  • Qussai Al-Khaoli, skodespelar.
  • Rami Derbas, økonom vedTishreen universitet.
  • Rana Jammoul, skodespelarinne.
  • Nashwa Taher, arabisk språkforskar ved George Washington University.
  • Faeza Daud, forfattar og forskar på syrisk mytologi

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. Tartus folketal
  2. «Syria: largest cities and towns and statistics of their inhabitants». World-gazetteer.com. Arkivert fråoriginalen 1. oktober 2007. HentaAugust 4, 2010. 
  3. TartusArkivert 2007-09-30 vedWayback Machine. Encyclopaedia of the Orient. Henta 29. juni 2014.
  4. History of TartousArkivert 2007-07-04 vedWayback Machine. Syria Gate. Henta 29. juni 2014.
  5. Lost Worlds: Templars.History Channel-dokumentar, først sendt 10. juli 2006.
  6. «Statistisk sentralbyrå». Cbssyr.org. Henta 29. juni 2014. 
  7. «Climatological Information for Tartous i Syria». Hong Kong Observatory. June 2011. Arkivert fråoriginalen 14. juli 2014. Henta 5. juli 2014. 
  8. Kramer, Aandrew E. (June 18, 2012).«Russian Warships Said to Be Going to Naval Base in Syria».The New York Times. Arkivert fråoriginalen 14. juli 2014. Henta 29. juni 2014. 
  9. Greek Speaking Enclaves of Lebanon and Syria av Roula Tsokalidou. ProceedingsII Simposio Internacional Bilingüismo. Henta 29. juni 2014.
  10. «Halim Barakat». Halim Barakat. Arkivert fråoriginalen 5. august 2018. HentaAugust 4, 2010. 

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Tartus&oldid=3427971»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp