Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Taranto

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Taranto
by
Taranto sett frå Via Appia
Land Italia
RegionPuglia
ProvinsTaranto
Areal249,86 km²
Folketal188 098 (1. januar 2023)
Grunnlagd706 fvt.
BorgarmeisterIppazio Ezio Stefàno
Postnummer74100
Retningsnummer099
Kart
Taranto
40°28′16″N17°14′35″E /40.471111111111°N 17.243055555556°E /40.471111111111; 17.243055555556
Wikimedia Commons:Taranto

Taranto er ein kystby iItalia. Han er hovudstad iprovinsen Taranto iregionenPuglia. Han har ei viktig kommersiell hamn og hovudbasen til den italienske marinen.

Han er den tredje største byen på det italienske fastlandet med om lag 200 000 innbyggjarar. Byen har ein velutvikla stål- og jernindustri, oljeraffineri, kjemiske fabrikkar, skipsverft som byggjer krigsskip og matproduksjonsfabrikkar.

Taranto har ei historie som går tilbake til700-talet fvt. då han vart grunnlagd som ein gresk koloni. ØyaneS. Pietro ogS. Paolo vernar buktaMar Grande som byen ligg rundt. Gamlebyen lgig rundt ei anna bukt kallaMar Piccolo.

Mot slutten av 1800-talet vart det bygd ein kanal slik at militærskip kunne gå inn til hamna iMar Piccolo og den gamle antikke byen vart ei øy. I tillegg er det bygd festningsverk både på småøyane i bukta og langs kysten.

Dei greske kolonistane fråSparta kalla byenTaras etter den mytiske helten (Taras), medan romarane, som bygde vegenVia Appia til byen, kalla hanTarentum.

Taranto er òg kjend for det britiske åtaket på basenRegia Marina underden andre verdskrigen, kallaslaget ved Taranto.

Taranto er òg opphavet til det vanlege namnet på edderkoppartenTheraphosidae, som me kallartarantell. I antikken skal innbyggjarane i Taranto etter å ha vorte bitt av den store lokaleulveedderkopp,Lycosa tarentula, omgåande ha starta ein lang energisk dans. Dette vart gjort for å sveitte ut gifta og slik overleve bitet. Dansen vart lokalt kalla Tarantella, som etter kvart vart nytta om desse store, stundom hårete, edderkoppane.

Historie

[endre |endre wikiteksten]
Ponte Girevole, den kjende svingbrua i Taranto

I følgjegresk mytologi var det sonen Taras av havgudenNeptun som grunnla byen. Men i røynda vart Taranto (Tarent, Tarentum) grunnlagd i706 fvt. av innvandrarar fråSparta iHellas. Dette var Sparta sin einaste koloni. Byen var del av det greske kulturområdet sør i Italia som vert kallaMagna Graecia.

I280-275 fvt. utkjempa og tapte Taranto ein krig motRoma. Tarantinarane frykta den stadige romerske ekspansjonen og bad om hjelp hos kongPyrrhos av Ipiros.

Byen sin vernehelgen er denirske misjonsbiskop Catald (død ca.685, og domkyrkja i byen, vigsla i1071, er kalla opp etter han.

I927 vart Taranto fullstendig øydelagd avsarasenarar, men vart gjennoppbygd i967 av Nikeforos Phoca. Byen vart erobra avnormannarenRobert Guiscard i1063. Son hans Bohemond vart fyrste avTerra d'Otranto, og residerte i Taranto. Etter han døydde gavRoger II av Sicilia byen til son sinVilhelm den dårlege. KeisarFredrik II av Det tysk-romerske riket bygde ei borg (Rocca Imperiale) på det høgaste punktet i byen.

Den katolske helgenen Egidius Maria Pontillo (1729-1812) vart fødd i Taranto.

Byen hadde alltid peikt seg ut som eit strategisk gunstig flåtestøttepunkt, og keisarNapoleon fekk derfor bygd ut hamneanlegget i byen. I1861 sette den italienske regjeringa i gang ei utreiing om Taranto sine militære eigenskapar, og i1864 vart det avgjort at byen skulle få landet sitt tredje marineverft, etterLa Spezia ogVenezia. Arbeidet på marineverftet starta i1883 og etter kvart vart det bygd all slags krigsskip.

12. november1940 gjennomførte britisketorpedobombarar av typenFairey Swordfish eit dristig raid mot den italienske marinen som låg for anker i Taranto hamn. Dei enda opp med å søkke treslagskip og skade ytterlegare tre andre. Denne aksjonen vart sett på som slutten på slagskipa sin dominans på havet. Det spesielle med aksjonen var at britane nytta seg avtorpedoar som ikkje kravde så djupt vatn som vanlege flyborne torpedoar. Dette vart tatt til etterretning i det japanske admiralitetet som studerte raidet nøye i planlegginga si avåtaket på Pearl Harbor.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]

    Bakgrunnsstoff

    [endre |endre wikiteksten]
    Wikimedia Commons har multimedia som gjeld:Taranto
    Autoritetsdata
    Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Taranto&oldid=3427950»
    Kategoriar:
    Gøymde kategoriar:

    [8]ページ先頭

    ©2009-2025 Movatter.jp