Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Husdyr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert fråTamdyr)
Okse nytta til å pløye rismark.

Husdyr ellertamdyr erdyr som menneske har knytt til seg,temd og brukt til nytte eller selskap over lengre tid slik at dei er blittdomestiserte. Vanlegvis er detflokkdyr som let seg domestisera.

Husdyr kan verabruksdyr som ein bruker somarbeidsdyr eller for å produsera dyreprodukt sommjølk,egg,kjøt ellerskinn. Nokre dyr kan veralivdyr som hovudsakleg blir brukte tilavl.

Husdyr kan også også brukast til fritidssyslar (t.d.riding ellerjakt), som pynt eller underhaldning, eller somkjæledyr.

Historie

[endre |endre wikiteksten]
Illustrasjon av apekatt og katt som husdyr. Frå «Queer Phases of Animal Life», 1883.

Historikarar trur at menneske har halde husdyr i minst 8 000 år. Det første husdyret var trulegulven som etterkvart blei tiltamhunden.[1] Deretter kom dyr somsau,geit,gris,kyr,høns ogkatt. Av andre husdyr kan nemnasthest,esel,sebu,vassbøffel,jak,kamelar,reinsdyr,lama,svin ogkanin.Fjørfe og andre fuglar blir haldne som husdyr, somkalkunar,ender,tamduer,påfuglar ogpapegøyar. Insekt somhonningbier,silkeormar ogmarihøner blir brukte for å hjelpa til med produksjon. Fisk somkarpe,gullfisk og andre vasslevande dyr er blitt haldne som husdyr iakvarium. I nyare tid er ulikepelsdyr blitt tekne som husdyr for å framstillapelsverk, og ei rekkje ville dyr somgnagarar,apar,slangar ogedderkoppar er blitt brukte som til dels eksotiske kjæledyr.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. Hagen, Anders & Vangen, Odd.«Husdyr» (14. februar 2009),Store norske leksikon.

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld:Husdyr
Spire
Dennelandbruksartikkelen er eispire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom åutvide han.
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Husdyr&oldid=2994901»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp