Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Tamburin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tamburin

Klassifiseringunpitched percussion instrument, single-skin frame drums without handle
Hornbostel-Sachs klassifisering112.1, 211.311
Tamburin.

Tamburin (franskdiminutiv avmellompersisktambur, 'tromme, lutt') er eitrytmeinstrument danna av eieinfelltromme montert på ei rund ramme som også har festa par av små metallskiver i sidene. Ein slår typisk på tromma med handa. Metallskivene lagar lyd når tamburinen blir slått eller rista, eller når ein stryk ein finger, som regeltommelen, rundt sida av trommeskinnet.

Tamburinen høver tilrytmiskakkompagnement ogimprovisasjon.Han blir brukt til mange ulike typar musikk, somfolkemusikk,janitsjar-,orkester- ogpopulærmusikk og ein delkyrkjemusikk.

Tamburinar finst i ulike storleikar og utformingar. Ramma er tradisjonelt av tre, men kan også lagast av plastikk. Det finst også tamburinar utan trommeskinn, berre med metallskiver.

Instrumentet er kjend frå gammelt av i Kina, India og Midtausten. Det kom med romarane til Europa og blei vanleg blant spelemenn frå mellomalderen.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Tamburin&oldid=3267786»
Kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2026 Movatter.jp