Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Tabriz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tabriz
تبریز
by
Land Iran
Areal324 km²
Folketal 1 558 693(2016)[1][2]
Kart
Tabriz
38°04′26″N46°17′46″E / 38.073888888889°N 46.296111111111°E /38.073888888889; 46.296111111111
Wikimedia Commons: Tabriz

Tabriz (arabiskتبریز‎) er ein by i nordlegeIran, hovudstad i provinsenAust-Aserbajdsjan. Byen har 1,7 millionar ibuarar og ligg 1360 meter over havet, 60 km aust om Urmiasjøen. Klimaet varier mykje. Tabriz har vore hovudstad under ulikeherskardynasti iPersia.[3]

Området er svært utsett forjordskjelv. Delar av byen er gjenoppbygt fleire gongar, så det finst få eldgamle bygningar bevart. Den blå moskeen, bygd i 1450, er eitt av få historiske byggverk som framleis finst.[3]

Næringsliv

[endre |endre wikiteksten]

Tabriz er eit viktig industrisenter og knutepunkt for samferdsla nord i Iran. Nokre av dei største industriområda for maskin- og sementproduksjon ligg her. Byen er elles kjent for å vere eit senter i framstillinga av tradisjonelt handverk, særleg teppe,bomulls-, ull- oglêrvarer. Sidan 1946 har byen hatt eige universitet.[3]

Soge

[endre |endre wikiteksten]

Tabriz vert datert tilbake til Sasanideriket på 200-talet. Sidan vart byen øydelagt av eit jordskjelv og oppattbgt av det muslimske kalifatet på 700-talet. Frå slutten av 1300-åra og tidleg 1400-tal hadde byen sin stordomstid som hovudstad i den sørvestlege delen av Mongolriket, Ilkhanatet. Tabriz var også hovedstad under det tyrkiske stamme-dynastiet Kara Koyunlu (1375–1468) og dei fyrste åra av Safavide-dynastiet (1501–1736). Den strategiske plasseringa for transportlinjene i regionen har ført til at byen har vorte hærteken under krigar også i nyare tid. Til dømes okkuperte russiske/sovjetiske styrkar Tabriz under begge verdskrigane.[3]

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. 1,01,11,21,3«Statistical Center of Iran > Home». 
  2. 2,02,12,22,3«جمعیت به تفکیک تقسیمات کشوری» (på persisk). Henta 29. oktober 2023. 
  3. 3,03,13,23,3Kvaase, Kim; Store norske leksikon (2005-2007):Tabriz iStore norske leksikon på snl.no. Henta 22. oktober 2020.

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld:Tabriz
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Tabriz&oldid=3568212»
Kategori:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp