Hubble-bilete sette saman til ein animasjon. Dei syner utviklinga til glødande gass blåsen vekk frå T Tauri-stjernesystemetXZ Tauri.
T Tauri-stjerner er ungestjerner som på eitHertzsprung–Russell diagram ligg til høgre forhovudserien. Namnet kjem frå denvariable stjernaT Tauri som òg er prototypen for denne stjernekategorien. Karakteristisk for for T Tauri-stjerner er emisjonslinjer som indikerer ein utvida gassatmosfære, gass som strøymer inn mot eller ut frå stjerna med høg fart, nærliggjande mørke skyer det føregår stjernedanning og ein høg proporsjon avlitium, som det snøgt vert tomt for på andre stjerner.
Mange T Tauri-stjerner viser trekk som peikar mot ein sterk og kontinuerleg straum av materie frå stjerneoverflata, kjend som T Tauri-vind. T Tauri-stjerner finn ein ofte i nærleiken avHerbig–Haro-objekt, og T Tauri sjølv ligg i sentrumet til eit Herbig–Haro-objekt. T Tauri-stjerner er ofte mindre massive ennsola; tyngre stjerner går anten gjennom T Tauri-fasen medan dei enno er dulde bakopphavsskya eller har ein annan utsjånad i den same fasen i stjernelivet.