| Ringen T-baneringen | |
| Nydalen T-banestasjon på Ringen | |
| Info | |
| Land | Noreg |
| Type | tunnelbane |
| System | T-banen i Oslo |
| Status | open for trafikk |
| Tal på stasjonar | 3 |
| Drift | |
| Opna | 2003: strekningUllevål stadion-Storo 2006: strekning Storo-Carl Berners plass |
| Eigar | AS Oslo Sporveier |
| Operatør(ar) | Oslo T-banedrift |
| Type trafikk | kolektivtrafikk |
| Teknisk | |
| Sporvidd | 1435 mm |
| Lengd | 5 km |

Ringen er ei dobbeltsporaT-baneline iT-banenettet i Oslo som går mellom stasjonane Ullevål stadion påSognsvannsbanen og Carl Bernes plass påGrorudbanen via Nydalen og Storo. Ved at lina er eit tverrsamand mellom desse to linene, skapar ho ei ringbane over desse to linene og fellestunnelen for T-banelinene gjennom sentrum. Lina, som har tre stasjonar med plattform mellom spora i staden for på kvar si side av spora, vart bygd i åra 2000 - 2006, og har ein stasjon, Nydalen stasjon, liggande under jorda.
Mellom stasjonane Ullevål stadion og Storo, og mellom stasjonane Sinsen og Carl Berners plass, går lina i tunnel, elles ligg ei stutt strekning forbiGrefsen jarnbanestasjon påGjøvikbanen i dagen. Her er det òg eit spor som knyt T-banenettet til jarnbanenettet, og soleis gjer det mogleg å køyre vedlikehaldsmaskinar for skjenegangen frå jarnbanen over på T-banen. Men korkje T-banetoga eller toga på jarnbanen kan køyrast på det andre nettet.
Mellom Sinsen stasjon på Ringen og Økern stasjon på Grorudbanen går T-banelinaLørenbanen, ferdig i 2016. Denne banen gjer det mogleg å køyre tog mellom sentrum av Oslo ogGroruddalen over Sognsvannsbanen - Ringen - Lørenbanen - Grorudbanen.