T-90 med ein 840hk motor kom i produksjon i 1993, basert på ein prototyp kalla T-72BU. Vogna vart utvikla ved utviklingsbyrået Kartsev-Venediktov ved fabrikken Uralvagonzavod iNizjnij Tagil. Før midten av 1996 hadde 107 vogner kome i teneste hjå russiske styrkar iAustre militærdistrikt.
I 1999 kom ein ny modell av T-90, kallaObjekt 187 i utviklingsfasen. Denne haddesveist tårn i motsetnad til originalen sittstøypte. Modellen fekk namnet Vladimir etter sjefsutviklaren Vladimir Potkin, som gjekk bort i 1999.
T-90S er i teneste hjåden indiske hæren, og ein indiskprodusert variant som vert kalla T-90S Bhishma er under produksjon. Dei første indiske vognene var 310 vogner dei kjøpte frå Russland i 2001, der 120 var komplette, 90 delvis montert og 100 i delar. Under valet av T-90 vart det lagt vekt på at India allereie var brukar av T-72, og detta gjorde opplæring og vedlikehald enklare. India valde T-90 etter at produksjonen av indiske Arjun-stridsvogner hadde vorte forseinka.[treng kjelde]