Szczecin ligg ved elvaOder, sør forStettiner Haff ogPommernbukta. Byen ligg langs sørvestsida avDąbiesjøen, på begge sider av Oder, og på fleire større øyar mellom den vestlege og den austlege greina av elva.
Szczecin grensar tilPolice - ein mindre by ved Oder.
Byen var i byrjinga hovudsenteret for ei lita vestslavisk stamme som budde mellom hovudgreinene til elvane Oder ogRandów. Det er ikkje sikkert om stammen varpommersk ellerpolabisk. Det er truleg atMieszko I, som i åra 967-972 erobraPommern, òg tok kontroll over Szczecin ogWolin. I andre halvdel av 1100-talet slo ei gruppe tyske handelsmenn seg ned i byen, som i 1268 fekkMagdeburgrettar. På den tida var tyskarane den største folkegruppa i byen, medan den slaviske folkesetnaden minka.
Byen vart medlem avHansaen i 1278, og vart frå 1309 til 1630-åra styrt av det slaviskeGryf-dynastiet. Utover på 1630-talet var byen med omkringliggjande område vorte fullstendiggermanisert. Etter at Gryf-dynastiet døydde ut, kom byen underSverige som hovudstad iSvensk Pommern frå 1648 til 1720. Han vart så ein del avKongedømet Preussen i 1720, og utvikla seg til å verte den tredje største hamnebyen iDet tyske keisardømet.
Underandre verdskrigen vart byen sterkt råka av dei allierte sine bombetokt og kampar mellom tyske og sovjetiske troppar. Innbyggjarane flykta frå byen før han vart erobra avden raude arméen i 1945. Det var usikkert om byen skulle vere ein del av Tyskland eller verte innlemma i Polen, men vart til slutt polsk i1946. Ein stor del av den tyske folkesetnaden som kom tilbake til byen etter krigen vart deportert tidleg på 1950-talet. Polakkar som hadde vorte forvist frå tidlegare polske område som vart annektert avSovjetunionen tok over heimane deira.