Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Sylt

Koordinatar:54°54′N8°20′E / 54.900°N 8.333°E /54.900; 8.333
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sylt
Lokalt namn Söl'
Geografi
StadVadehavet iNordsjøen
Koordinatar54°54′N8°20′E / 54.900°N 8.333°E /54.900; 8.333
ØygruppeDei nordfrisiske øyane

Areal99 km²

Høgaste punktErhebung (52,5moh.)

Administrasjon
LandTyskland
Delstat
Landkreis
Schleswig-Holstein
Nordfriesland
Største busetnadWesterland (10 488 innb.)

Demografi
Folketal27 219 (2004)
Folketettleik275 /km²

Sylt (danskSild,frisiskSöl) er ei øy nord iTyskland iVadehavet iNordsjøen. Ho er ein del avDei nordfrisiske øyane ilandkreisNordfriesland iSchleswig-Holstein. Øya var ein gong ein del av fastlandet, men på grunn averosjon krympar øya stadig. I dag har Sylt eit areal på 99 km². Avstanden frå nord til sør er 35 km og frå vest til aust 13 km. Det høgaste punktet heiter Uwe-Düne og er 52 meter over havet. Øya har 27 000 innbyggjarar (2004).

Kultur

[endre |endre wikiteksten]

Sylt er ein særprega del av Tyskland sidan ho er ein del avDei frisiske øyane. Ho har sin eigen dialekt kalla söl'ring. Söl'ring er ein dialekt avfrisisk språk med element frå dansk,nederlandsk ogengelsk. I dag er det berre ein liten del av busetnaden som framleis snakkar söl'ring. I 2004 vart det vedtatt ei lov som skulle hjelpe fram språket.

Husa på Sylt har ein tydeleg frisisk arkitektur.

Historie

[endre |endre wikiteksten]

Sylt var opphavleg ein del avJylland og dei første busetnadane ein har funne spor etter går tilbake til 3000 fvt. Dei første frisiske busetnadane er frå 700- og 800-talet. Sylt var delt mellom Hertugen av Schleswig og Danmark i 1386. Bortsett frå byen List vart Sylt ein del av Hertugdømet Schleswig i 1435. På 1600- og 1700-talet førtekvalfangst, fiske og dyrking avøsters til auka rikdom hos innbyggjarane. Turismen på øya starta på 1800-talet. I 1927 vart det bygd ein jernbanefylling mellom øya og fastlandet.

Transport

[endre |endre wikiteksten]

Sylt er forbunde til fastlandet viaHindenburgdamm, ei jernbanefylling, som tar passasjerar til fråWesterland tilNiebüll ellerKlanxbüll. I Niebüll kan ein ta med bil på toget. Det finst òg ferjesamband til den danske øyaRømø, i tillegg til at øya har ein flyplass.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld:Sylt
Dei vestfrisiske øyane
Dei austfrisiske øyane
Borkum -Lütje Hörn -Kachelotplate -Memmert -Juist -Norderney -Baltrum -Langeoog -Spiekeroog -Wangerooge - Minsener-Oldoog -Mellum -Langlütjen I og II -Neuwerk - Scharhörn - Nigehörn - Trischen - Blauort
Dei nordfrisiske øyane
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Sylt&oldid=3584249»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp