Syfilis er einseksuelt overførbarinfeksjonssjukdom som er årsaka avbakterienTreponema pallidum.Sjukdommen er no relativt sjeldan i Noreg, ogsmitten er oftast importert frå utlandet.
Syfilis går gjennom ulike stadium og fasar. Primært startar det med genitalsår som oppstår der bakteriane gjekk gjennomhuda. Dette såret kallar ein ofte ein skjanker, og er indurert. Det vil seia at ein vil kunna kjenna ein slags «skorpekant» om ein klemmer forsiktig på såret mellom tommel og peikefinger. Dette skil syfilis frå mellom anna den sjeldnare sjukdommenblaut sjanker (ulcus molle).
Syfilis er relativt enkelt å behandla i dei tidlege fasane med bruk avpenicillin, men om han ikkje vert behandla vil han kunna angripa auget, som vil få problem med å reagera normalt på lys. Symptomet vert kallaArgyll Robertsons pupill etter legen som fyrste gongen skildra det.