Sydslesvig | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
![]() Sydslesvig 54°44′00″N9°05′00″E / 54.733333333333°N 9.0833333333333°E /54.733333333333; 9.0833333333333 | |||
Wikimedia Commons: Southern Schleswig |
Landesteil Schleswig, på dansk kallaSydslesvig, i daglegtale ofte berre kallaSchleswig, eventueltSüdschleswig i historisk samanheng er eit tysk landområde mellomEider og den dansk-tyske grensa i delstatenSchleswig-Holstein ogLauenborg. Den største byen i regionen erFlensburg (danskFlensborg). Ved vestkysten liggNordfrisland, ved austkystenAngeln (Angel) ogSchwansen (Svans).
Hertugdømet Slesvig (Sønderjylland) var inntil 1864 eit dansklen i det danske monarkiet (personalunion). Etter dendansk-tyske krigen vart Slesvig saman medHolstein og Lauenborg innlemma iPreussen. Etter ei folkerøysting i 1920 vart Nordslesvig foreina att med Danmark, medan Sydslesvig vart verande i Tyskland. I Sydslesvig bur det i dag ein dansktalande minoritet med omtrent 50 000 medlemer.[1] Dei har mellom anna sine eigneskular,bibliotek ogkyrkjer. Dei talar ei eiga form av dansk kallasydslesvigsk. Enkelte talar enno det gamlesønderjyske målføret. Dei har òg ei eiga avis, Flensborg Avis, og eitbaseballag som spelar i den danske baseballserien og har treningsfelt på Mikkelberg ved Husum.