Swahili (kiswahili på swahili) er eitbantuspråk snakka over store område iAust-Afrika. EtterGuthrie-klassifiseringa har det nummer G40, dvs. det høyrer tilsone G av bantuspråka. Det ermorsmål for dei ca. 5 millionarswahiliane, som lever langs ei 1500 km. lang kyststripe frå det sørlegeSomalia til det nordlegeMosambik. I tillegg er swahili andrespråk for omtrent 50 millionar talarar, det har vortelingua franca for Aust-Afrika.
Swahili er offisielt språk iTanzania ogKenya. Tanzania er i tillegg tilEtiopia eit av landa som i størst grad har ført ein språkpolitikk til fordel for eit afrikansk språk. Til skilnad frå mange andre afrikanske land, som har ført ein språkpolitikk som har favorisert dei tidlegarekolonispråka.
Lydsystemet i swahili er i høve til mange andre afrikanske språk ukomplisert. Det er få lydar som blir rekna som vanskelege å uttale for nordmenn, og ord blir skrive som dei uttalast. Kvar bokstav skal uttalast for seg. Trykket er på nest siste staving i praktisk talt alle ord og konstruksjonar, og trykket flytter bakover seg dersom suffiks blir lagt til. Swahili nyttar 24 av dei latinske bokstavane, dei nyttar ikkje q, x, æ, ø og å.
Swahili har fem vokalar; a (IPA ɑ), e (e), i (i), o (ɔ), u (u) og y (y). To vokalar etter kvarandre i skrive svahili blir uttalt separat. Det er i prinsippet ingendiftongar.
Verba er bøygd itempus,aspekt, ogperson ogtal for bådesubjekt ogobjekt. I tillegg er det bøygd forpolaritet, dvs. at det er ulike verbformer alt ettersom setninga erpositiv («ja») eller negativ («nei»). I norsk blir negativ polaritet uttrykt medadverbetikkje, i swahili med verbprefikset-ha-. Døme:ni-na-ruka «1Sg-presens-hoppe» «eg hoppar»,ni-li-ruka «1Sg-preteritum-hoppe» «eg hoppa».