Svastika er eit religiøst og politisksymbol det kan knyte seg mange kjensler til. Det er forma som eit plussteikn der kvar ende har ein strek som står i rett vinkel på han og går i same retning.
Hakekrossen er ein svastika der haka på enden alltid går til høgre, mens ein svastika kan ha haka til høgre eller venstre. Svastikaer kan òg vera meir avrunda, til og med som to S-ar som står rettvinkla på kvarandre. Det er òg vanleg å ha små prikkar inni kvart hjørne.
IEuropa ogUSA forbind ein som regel hakekrossen mednazismen og særlegantisemittismen, fordi nazistane tok dette til sitt merke for å symbolisera at dei skulle bera «denariske arva» vidare. IIndia og store delar avAsia er ulike variantar av svastikaen brukt som eit teikn for alt det gode:Gud,lykke, evig liv, ellersola. Symbolet har òg vore brukt i tidlegare samfunn iEgypt,Hellas ogMexico.
Svastikaen er eit eldgammalt symbol. Ein har funne fleiresegl med svastikaer under utgravingar iIndusdalen, der ein kultur voks til for fem tusen år sidan. Frå denvediske religionen spreidde det seg tilhinduismen, og var lenge eit solsymbol. Sidan har det fått andre tolkingar; ein har mellom anna likna det med den stadig skiftande verda som går rundt eitt fast punkt – Gud ellerbrahman.
I alle land som er prega av indiske religionar er svastikaen blitt svært populær. I India finn ein det utanpå hus, som eit lykkesymbol, utanpåhindutempel, som eit symbol på religion, og på flagget til delstatenMaharashtra. IVietnam blir det brukt for å symbolisera evig liv og iJapan bruker ein det påkart på same måte som ein brukerkrossar ikristne land – for å visa kor der er tempel.
Svastikaen har òg vore nytta som symbol i Skandinavia frå gamalt av. Til dømes er dette symbolet å sjå på ein kam av bein frå dei storemyrfunna i Nydam i Slesvig, og i bileta på fleire av deigullbrakteatane (små, sirkulære gullblekkbilete) fråjarnalderen som er funne i Skandinavia. I mellomalderen har svastikaen vore eit av dei teikna som vart nytta som bumerke.