Netto innstrøyming gjennom Bosporos er 200 km³ kvart år, medan ferskvatn frå dei omliggande områda, særleg frå Sentral- og Aust-Europa, er om lag 320 km³. Dei viktigaste elvane som munnar ut i Svartehavet erDonau,[1]Dnepr ogDnestr. Svartehavet har eit areal på 436 400 km²,[2] med eit maksimal djup på 2 200 meter.[3]
Moderne namn på Svartehavet er hovudsakleg omsetjingar av namnet, sombulgarskTsjerno more (Черно море),georgiskSjavi zghva (შავი ზღვა),laziskUcha Zuğa, eller berreZuğa,rumenskMarea Neagră,russiskTsjiornoje More (Чёрное море),tyrkiskKaradeniz,ukrainskTsjorne More (Чорне море). Ein kan berre spore dette namnet tilbake til1200-talet, men ein har indikasjonar på at det kan vere mykje eldre enn dette.
Strabo sine geografiske verk frå antikken omtalar berre Svartehavet som «Havet» (pontos), på same måte somHomer ofte berre vart kalla «Poeten». Stort sett omtala grekarane og romarane Svartehavet som «Det gjestfrie havet»,Euxeinos Pontos. Dette var ein eufemisme som erstatta det tidlegare «Ugjestmilde havet»,Pontos Axeinos, som først vart nemnd avPindar tidleg på400-talet fvt. Strabo (7.3.6) meiner at Svartehavet tidlegare vart kalla ugjestmildt fordi det var vanskeleg å segle der før den greske koloniseringa, og fordi kysten var folkesett av ville stammer. Han meinte òg at namnet skifta til gjestmild etter at grekarane koloniserte området rundtMilet. Det er derimot sannsynleg at namnetAxeinos kom frå det iranske ordetaxšaina-, som tyder «mørk» og at namnet Svartehavet faktisk går heilt tilbake til antikken. Årsaka til at namnet vart Svartehavet kjem sannsynlegvis av antikken sin bruk av fargar for dei forskjellige himmelretningane, der svart refererte til nord, og raud var sør.Herodot omtalar stundomRaudehavet som Det sørlege havet.[5]
Ein annan mogeleg forklaring er at fargen kjem av det djupe vatnet i Svartehavet. Sidan Svartehavet ligg lenger nord enn Middelhavet, og er mykje mindre salt, så eralgekonsentrasjonen mykje større, og derfor vert fargen mørkare. Sikta i Svartehavet er i snitt om lag fem meter, samanlikna med 35 meter i Middelhavet.
Ei bulgarsk tolking av namnet er at havet brukte å vere stormfullt. Enkelte kjelder meiner at dette går tilbake til tida rundtNoahs ark.Teorien om oversvømjinga av Svartehavet er basert på denne ideen.
Bassenget er delt i to av ein rygg som strekkjer seg sørover fråKrimhalvøya. Den nordvestlege delen er ein relativt stor og 190 km brei sokkel, og er relativ flat. Den sørlege delen, rundt Tyrkia, og den austlege delen, rundt Georgia, har ein mykje kortare og brattare kontinentalsokkel, som sjeldan vert meir enn 20 km brei. Sør forJalta på Krimhalvøya er havet på sitt djupaste, ned mot 2 206 meter. Bassenget er forbunde med Middelhavet via sunda Bosporos ogDardanellane, ogMarmarahavet. Svartehavet er forbunde medAzovsjøen i nordaust viaKertsjsundet.
Svartehavet er det størstemeromiktiske havet i verda, og 90 % av vassvolumet består av oksygenfattig sjøvatn. Den noverande hydrokjemiske samansettinga er hovudsakleg styrt av topografien og elvane som munnar ut i havet, som fører til ein kraftig lagdelt vertikalstruktur og ein positiv vassbalanse. Dei øvre laga er generelt kaldare, med lågare tettleik og mindre saltinnhald enn dei djupare vasslaga. Dei djupe vasslaga er stort sett vatn som kjem frå Middelhavet, medan det ferskare overflatevatnet strøymer ut i Marmarahavet.
Overflatevatnet har ein midlasalinitet på 18-18,5 ppt og inneheldoksygen og andre næringsstoff som gjev liv til dyre- og planteliv. Dette overflatevatnet strøymer rundt Svartehavet mot klokka i ein straum kalla Rimstraumen, som transporterer vatn rundt ytterkantane av Svartehavet. Innanfor denne store kvervelen har ein to mindre kvervlar i aust og vest. Styrken på denne straumen vert påverka avhavoverflatetemperaturen, som i løpet av året varierer mellom 8 °C og 30 °C.
Like under overflatelaget finn ein eit kaldare og saltare vasslag, som kjem av tilføring av kaldare vatn og atmosfærisk avkjøling om vinteren. Ved botn av dette laget ligg ein kraftigtermoklin,haloklin ogpyknoklin om lag 100-200 meter tjukt.
Under pyknoklinen aukar saliniteten til 22-22,5 ppt og temperaturen fell til 8,5 °C. Vasslaget inneheld mindre oksygen sidan bakteriar som bryt ned biologisk masse brukar opp oksygenet.
Ein er einige om at Svartehavet ein gong har vore ein ferskvassinnsjø (i det minste i dei øvre laga), og med eit mykje lågare vassnivå under den sisteistida. Korleis innsjøen utvikla seg til eit marint hav er derimot noko ein framleis studerer og diskuterer. Det finst både teoriar om ei gradvis utvikling til salt vatn og det som i dag er Svartehavet, og det finst teoriar om katastrofiske førestillingar om korleis Svartehavet vart til.
Dei er basert på forskjellige teoriar om vassnivået i ferskvassinnsjøen då Middelhavet var høgt nok til å renne overDardanellane og Bosporos. Men studiar av havbotn på Egearsida viser at det på700-talet fvt. var ei stor utstrøyming av ferskt vatn frå Svartehavet.[6]
Ei rekkje ekspedisjonar har utforska det som tilsynelatande er eldgamle kystlinjer, ferskvassniglar, oversvømde elvedalar, tømmer behandla med verktøy, og bygningar om lag 100 meter utanfor svartehavskysten av dagens Tyrkia.Karbon-14-metoden har vist at ferskvassniglane er om lag 7 000 år gamle.
I 1997 gav William Ryan og Walter Pitman fråColumbia University ut ein teori om at ein massiv flaum gjennom Bosporos skjedde for fleire tusen år sidan. Dei hevdar at Svartehavet ogKaspihavet var store ferskvassjøar, men at Middelhavet rundt 5600fvt. rann over Bosporos og danna sundet som i dag går mellom Svartehavet og Middelhavet. Ein har seinare gjort arbeid både for å støtte og for å dra i tvil denne teorien, og arkeologar diskuterer framleis spørsmålet. Dette har ført til at fleire har knytt desse teoriane opp mot førhistoriskeflaummytar.
Bilete av Svartehavet nær Gagra, teke i 1915Byar ved Svartehavet
Dei siste åra (etter slutten avDen kalde krigen) har Svartehavet stadig vorte eit meir populært ferieområde (særlegBulgaria). Turismen ved Svartehavet er ein av dei mest framgangsrike industriane i regionen.[7] Kjende feriestader i ved Svartehavet: