Svalbard er ei øygruppe iNordishavet, og utgjer alle øyar, holmar og skjer mellom 74 og 81 grader nordleg breidd og 10 og 35 grader austleg lengd. Den totale storleiken er på ca 62 050 km². Dei største øyane erSpitsbergen,Nordaustlandet,Edgeøya ogBjørnøya. EtterSvalbardtraktaten (av 9. februar 1920) erNoreg tilkjent full og uinnskrenka suverenitet over Svalbard, med dei avgrensingane som fylgjer av traktaten. Etter lov av 17. juli 1925 er Svalbard ein del av Kongeriket Noreg.
Namnet er fyrste gong nemnt i islandske skrifter frå 1194. I den islandske landnåmsboka frå 1200-talet er Svalbard også nemnt, men det er ikkje sikkert om dette er det same som Svalbard av i dag. Noreg vart gjeve suverenitet over Svalbard i 1920 etter at den såkalla Svalbardtraktaten vart inngått mellom Noreg og fleire andre land iEuropa. Norsk styre tok til frå 14. august 1925.
NamnetSvalbard er avnorrønt opphav (norrønt: Svalbarði), og er vorte tydt som «kjøleg kant»; «kjøleg side» eller «den kalde kysten». Ordet finst i fleire islandske årbøker frå 1100-talet.[2]
Alle dei norske stadnamna på Svalbard skal fylgja nynorsk rettskriving.[3]
Svalbard hartundraklima med eit sterkt maritimt preg med mykje skodde og skyer. Dei høgaste månadsmiddeltemperaturane ligg mellom 0 og 10 °C. Greina avDen norske atlanterhavsstraumen som går nordover langs vestkysten avSpitsbergen og vidare mot aust utanfor nordkysten, er kanskje den viktigaste faktoren for vêr og klima. Her kan det vere ope vatn over større område, sjølv midt på vinteren, medan austkysten samstundes kan vere blokkert av is som delvis vert ført med straumen rundtSørkapp.
Heile øygruppa er påverka av dei polare austvindane. Dette systemet blir noko deformert på grunn av fordelinga av land, is og ope hav. Den herskande vindretninga er stort sett frå nordaust. Berre i ein kort sommarsesong kan vestleg vind opptre oftare enn den austlege ved vestkysten og i fjordane der. Øyane harliten kuling eller meir frå kring 10 til kring 20 % av året på utsette stader, frå 5 til 10 % i fjordstrok og område i aust og nordaust der polarisen dominerer.
Dei kaldaste månadene er i regelen februar eller mars og middeltemperaturen varierer frå ca. –7 °C påBjørnøya til –15 °C eller litt lågare i indre fjordstrok påSpitsbergen. Det er truleg ein middel på kring –20 °C i områda lengst nordaust, men her manglar det pålitelege data. Den lågaste målte temperaturen er –32 °C på Bjørnøya, og mellom –40 og –45 °C på Spitsbergen, med –46 °C påSvalbard lufthamn, Longyear, målt fyrst i mars, som rekord. Middeltemperaturen for varmaste sommarmånad syner ei jamn fordeling frå 3 til 6 °C, varmast i dalstroka på Spitsbergen, og litt kaldare lengst aust. Juli er den varmaste månaden i dei skjerma fjordstroka, elles august. Den høgaste målte temperaturen er over 15 °C; både på Bjørnøya og Svalbard lufthamn har ein målt over 20 °C. Det er målt varmegrader i alle månadene i året, men det har òg vore målt kuldegrader i alle, bortsett frå i juli i fjordstroka.
Nedbøren kjem hovudsakleg fråskyer i låg høgd, så fordelinga er difor sterkt prega av terrenget. Årsnedbøren er om lag 200 til 500 mm, med mest nedbør på ettersumaren og hausten. Somme skjerma område nord på Spitsbergen har truleg nedbør under 100 mm, medan det i eit maksimalområde i søraust truleg er 10 gonger så mykje.
Svalbard har mykje overskya vêr, sjølv når det erhøgtrykk. Det er meir skodde her enn nokon stasjonar i låglandet i fastlands-Noreg, 8-10 % over havet og kysten i sør, men under 1 % i indre fjord- og dalstrok. Det er mest skodde om sumaren, men det kan kome skodde året rundt. Minst skydekke er det i april og mai.
Øygruppa harmidnattssol frå 20. april–22. august og mørketid frå 27. oktober–15. februar (dei nøyaktige datoane vil variere etter kor langt nord eller sør ein oppheld seg.
I eit møte iSvalbardrådet den 26. april 1989 vedtok rådet med 13 mot to røyster å gå inn forsvalbardvalmue som «fylkesblomster» for øygruppa.Sysselmannen fann det ikkje rett å fatta eit formelt vedtak då det ikkje var heimel for det.
På øygruppa bur det nordmenn (over 1900) ogslavarar (i hovudsakrussarar ogukrainarar) (ca 750). Dei fleste overvintrar. I tillegg til i Longyearbyen ogBarentsburg, er det òg fast busetjing iNy-Ålesund, påBjørnøya og påHopen.Sysselmannen er staten sin øvste representant på Svalbard og utøverpolitimynde. Øygruppa vert elles administrert som ein del avTroms fylke. Somme lover gjeld ikkje på Svalbard.
Busetnader og stasjonar Folkemengd pr. 1. september 2004