Sunderland Association Football Club er ein engelsk fotballklubb skipa i1879 og med tilhald i den nord-engelske byenSunderland. Klubben vart profesjonell i 1885, og vart teken inn i ligaen i 1890. Klubben heldt plassen i øvste divisjon til 1958, noko som lenge var engelsk rekord i samanhengande toppseriespel.
Frå 1886 til 1898 var heimebana Newcastle Road. Frå 1898 heldt klubben til på Roker Park. Klubben flytta til nybygdeStadium of Light i1997. Heimebana har publikumskapasitet på rundt 49000.
Klubben rykte opp til FA Premier League i 2005, og ned att tilFootball League Championship i 2006, med nytt opprykk i 2007.